Job Description

Published 30-03-2025
Deadline: 27-04-2025

Er du LIS3 eller lege og vil jobbe med barne- og ungdomspsykiatri?

Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.

Vi har to faste LIS3-stillingar ledige med ønskje om snarleg oppstart. Er du LIS1 og ventar på plass, oppmodar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3-stillinga må ha fullført LIS1.

Hos oss i BUP finn du eit trygt og støttande fagmiljø. For tida er vi åtte overlegar, fem LIS3 og ein som ventar på LIS1-plass. I tillegg har vi ein overlege med pensjonistavtale som bidreg med sin erfaring og kompetanse.

Vi tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.

BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.

Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!

Hos oss legg vi stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
  • Delta i vaktordning for legar
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon
  • Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må dokumentere bestått norsktest på B2-nivå (t.d. Bergenstesten), med mindre dei har fullført vidaregåande skule på norsk. Ved intern tilsetjing kan kravet fråvikast i særlege tilfelle.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

    • likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
    • har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
    • arbeider strukturert og sjølvstendig
    • er kreativ, nytenkjande og fleksibel

    Personlege eigenskapar blir vektlagde

    Kvifor skal du velje oss?

    • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
    • Arbeid i tverrfaglege team
    • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
    • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
    • Kompetanseheving og spesialiseringsløp
    • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
    • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset

    For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

    Kontaktinformasjon

    Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850
    Marit Elisabeth Ness, PsykologspesialistPsykologspesialist/Funksjonsleiar, 52732850
    Margrethe Reigstad Aase, Psykologspesialist/Funksjonsleiar, 52732850
    Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850

    Arbeidsstad

    Vinjes gate 10
    5522 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 4946117956
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.04.2025

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver BUP Haugesund, Helse Fonna HF orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

    Webside www.helse-fonna.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Lege
    Sted HAUGESUND (Adresse: Vinjes gate 10 Postnr: 5522)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 27-04-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/65902a30-1276-4afc-9de3-884d6272c37f
    IMPORTAPI

    Generic filters
    Exact matches only
    PrevNext
    SuMoTuWeThFrSa
         12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31