Job Description

Published 08-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Er du kreftsjukepleiar/sjukepleiar med brei erfaring med cytostatika?

Vil du bli vår nye kollega?

Vi søkjer etter to kreftsjukepleiarar eller sjukepleiarar med brei erfaring innan cytostatika.

Kreftpoliklinikken er ein del av Medisinsk avdeling B og har ein variert kvardag. Vi tar imot mellom 20-30 pasientar dagleg til infusjonsbehandling og har i tillegg sjukepleiarstyrt poliklinikk og poliklinikk for onkologar. Vi har ansvar for 4 pakkeforløp og deltek i forskingsstudier.

No har vi to ledige stillingar i 100 % som kreftsjukepleiar, med arbeidshelg kvar 4. veke på sengepost.

Vi søkjer deg som har vidareutdanning i kreftsjukepleie. Dersom du ikkje har videreutdanning, kan sjukepleiar med brei erfaring innan cytostatikabehandling bli vurdert. Dersom du ikkje har vidareutdanning, må du forplikte deg til å starte på utdanning i kreftsjukepleie innan to år. Sjukehuset tilbyr utdanningsstillingar innan dette feltet.

Vil du vere med på laget? Stillingane er ledige frå 01.06.2025. 👉 Klikk på lenka og søk stillinga!

Arbeidsoppgåver

  • Det daglege arbeidet vil i hovedsak bestå i infusjonsbehandling og sjukepleiardreven poliklinikk/vaktsjukepleiar. Stillinga inneber også at ein må ta oppgåver innan pakkeforløp og studier ved behov. Vidare skal kreftsjukepleiar sikre og utføre god kvalitet på sjukepleieprosedyrar, medikamenthåndtering, og
    samarbeide med pasient og pårørande. 
    Undervisning og opplæring av pasient og pårørande, og i tillegg bidrar kreftsjukepleiar til opplæring og undervisning av helsepersonell både internt og eksternt på forespurnad.
    Kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning rulleres på alle kreftsjukepleiarar. 
    Helg på sengepost er arbeid laurdag og sundag. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og offentleg godkjenning som sjukepleiar
  • Ønskeleg med videreutdanning i kreftsjukepleie – Lang erfaring med cytostatikahåndtering kan kompensera for manglande videreutdanning. Må då forplikte seg til å ta videreutdanning i kreftsjukepleie innan to år.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig og med gode samarbeidsevner. Arbeid på kreftpoliklinikken kan i periodar vere uforutsigbart og hektisk. Vi krev at du må håndtere høgt arbeidspress og må trives med høgt arbeidstempo. Derfor ser vi etter nye kollegaer med eigenskapar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet. 

Vi tilbyr

  • Kreft er eit satsingsområde. Så hvis du i tillegg til pasientbehandling ynskjer å vere med å på å utvikle våre tjenester så er dette stillinga for deg. Det er mogleheit for å delta i prosjekt ved behov, og digitalisering av våre tenester til kreftpasientar er noko som jobbes med i Helse Vest. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med lavt sjukefravær og høg kompetanse. Det vert lagt til rette for kompetanseheving.

Kontaktinformasjon

Evelyn Endresen Sevland

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4895633791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk avdeling B Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4afe0b96-48bb-404d-852d-27e6aa74a7d1
IMPORTAPI