Job Description

Published 13-10-2024
Deadline: 29-10-2024

 

Er du klar for en bærekraftig reise over fjorden?

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Seivika-Tømmervågen, om bord vår nye flotte el-ferge MF Tustna.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel vaktordning: Døgnskift – 2 veker på(1 uke dag/1 uke natt), og 2 veker av.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Søkjar må bu lokalt.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Høgspent kurs
    • Krise-og passasjerhandtering
    • Gyldig helseattest

    Personlege eigenskapar

    • Vi søker en ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løsningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Visst desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

    Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
    • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
    • Gode velferdsordningar
    • Skiftordning: Døgnskift 2 veker(1 veke dag/1 veke natt) på, og 2 veker av

    Kontaktinformasjon

    Torill Vestad, Bemanningskoordinator, +47 913 18 256, torill.vestad@fjord1.no

    Arbeidsstad

     Kristiansund Municipality

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 4872787021
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 29.10.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: 974737647
    Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

    Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

    Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

    Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

    Webside http://www.fjord1.no
    Bransje Transport og lager
    Yrke Sjøfart
    Sted TUSTNA (Adresse: Postnr: 6590)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Privat
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 29-10-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ffe90021-0b9b-4c57-a11f-a111430a172a
    IMPORTAPI