Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja? – Havtech As

IT Development

(5 hours ago)

  •  Post Date: 18. October 2024
  •  Expire date: 1. November 2024
Job Description

Published 18-10-2024
Deadline: 01-11-2024

 

Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja?

Målet vårt i Havtech er kort og enkelt å lage enkle og intuitive, moderne produkt som gjer det enda kjekkare å arbeide innen den maritime næringa. Vi gjer det manuelle digitalt, det tunge lett, og det komplekse forståeleg. Vi er her for å transformere korleis vi jobbar, leverer og tenker smartare.

No søkjer vi deg — ja, nett deg — for å navigere den neste bølgja av digital utvikling i den maritime sektoren.

Hos oss møter teknologi, menneskeleg varme, og her blir du ein del av eit team beståande av draumearar, praktikarar og kodarar som ser digitaliseringa som det store blå — som uendeleg og fullt av moglegheiter.

Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja? Kom og sett ditt preg på framtida. Vi kan nesten ikkje vente med å ha deg om bord!

Kva ser vi etter?

Programmererar som liker å ta ansvar og å jobbe i lag med andre. Vi er opptekne av samarbeid, både med kollegaer, kundar og leverandørar. Har du erfaring med dei teknologiane vi bruker, som Azure Cloud, .NET/ C#, Angular, TypeScript, PostgreSQL er det ein fordel. Det viktigaste er uansett viljen til å lære og utvikle seg.

Vi håper du har engasjement for faget ditt, tenkjer heilheitlege løysingar, er nysgjerrig etter å lære og bruke ny teknologi. Du beherskar både norsk og engelsk. Samtidig samarbeider du godt med andre, delar din kompetanse og bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø

Om Havtech

Sidan 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa. Med ei sterk drivkraft for framtidsretta teknologi og havet har vi skapt “Ombord”, ei enkel alt-i-eitt-løysing for maritim administrasjon. Målet vårt er å gjere kvardagen både enklare og meir gjevande for rederi og mannskap.

Vi har base i Holmedal, Vestland, og er i dag 6 tilsette. Vi har også arbeidsplassar på Peak Sunnfjord i Førde.

Dette trur vi på i Havtech:

Fleksibel kvardag : Tilpass arbeidsdagen din for ein god balanse mellom jobb og privatliv.

Karriereutvikling : Havtech er grunnlagt på samarbeid og delingskultur. Vi legg vekt på din vekst, med kontinuerlege utviklingsmoglegheiter og den påfyllinga du treng.

Engasjerande og støttande kultur : Hos oss finn du ein arbeidsplass der samarbeid, openheit og eit ekte ynskje om å bidra positivt til samfunnet, står i sentrum.

Søknad/spørsmål sendast til: kjartan.habbestad@havtech.no

For meir informasjon sjå og https://havtech.no/jobb-her/

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Havtech As orgnr: 927492911
Kort om arbeidsgiver

Siden 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa.

Ved å jobbe innanfor fleire maritime felt, fanger vi det beste frå kvar kategori i løysingane vi tilbyr, og oppdaterer dei fortløpande med ny lærdom frå brukarane.

Webside https://havtech.no/
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 01-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b094f99a-536a-4eb8-8cf1-b32752af2ef4
Stillingsregistrering