Job Description

Published 02-09-2024
Deadline: 20-09-2024

 

Er du interessert i kunst og kultur, og kunne tenkje deg å jobbe på museum?

Er du serviceinnstilt og har interesse for kunst og kultur? Stiftinga Viti søkjer deg for tilkallingsoppdrag som museumsvert ved Anders Svor-museet!

Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgjeven av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864—1929. Anders Svor-museet er ein del av Stiftinga Viti og ligg under avdeling for kunst.

Vi søkjer deg som er:

  • Interessert i kunst og kultur

  • Imøtekomande

  • Serviceinnstilt

  • Punktleg

  • Fleksibel

Arbeidsoppgåver:

  • Opning og stenging av museet

  • Yte service og gje informasjon til publikum

  • Billettsal og anna sal i museumsbutikken

  • Mottak av publikumsgrupper

  • Vakthald i museet

  • Vertskap ved arrangement

  • Noko reinhald

  • Museumsfaglege oppgåver tilpassa kvalifikasjonar

Språkkunnskapar utover norsk og engelsk vil telje positivt.

Vi kan tilby:

Løn i stillingskode 1078 betjent frå 374 000,- til 418 500,- ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.

Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Stillingane følgjer ikkje fast turnus, og ein må rekne med arbeid både på dag- og kveldstid, i vekedager og helg.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stiftinga Viti orgnr: 982778050
Kort om arbeidsgiver

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og shetlandbussen Heland. Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.

Webside https://vitimusea.no/
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Reiseliv, hotell og overnatting
Sted HORNINDAL (Adresse: Grodås Postnr: 6763)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 20-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bee8c0f8-1d51-44c4-b4ee-61a4a05324c6
Stillingsregistrering