Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga? – Voss herad Heimeteneste sone aust
Health and social care Hjemmehjelper og personlig assistent(3 days ago)
Job Description
Published 20-03-2025
Deadline: 30-06-2025
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?
Då har vi jobben for deg! Heimesjukepleien og heimehjelpa i område aust og vest, er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar. Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Tilsetjing fortløpande i perioden
Me tilbyr
- Ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg.
- E-læringskurs, medisinkurs og god opplæring i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Heimetenesta tilbyr tenester til brukarar i heimen i form av heimesjukepleie og heimehjelp.
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, personleg bistand, tilrettelegging av måltid, dokumentering og praktisk arbeid.
- All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for brukar.
- Individuell tilnærming er viktig i fht den enkelte bruker. Arbeidstid er turnus med dag, kveld og helgearbeid.
Me søkjer
Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.
- sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte.
- det er sin fordel å ha førarkort klasse B.
- gjerne deg som er 16+ år til oppdrag som heimehjelp.
Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
Gyldig politiattest må føreligga ved oppstart.
Søknaden må innehalde opplysningar om:
- Tidsrommet du kan arbeide i perioden juni-august. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Me søkjer spesielt etter vikarar i tidsrommet uke 28-33.
- Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO