Job Description

Published 26-06-2024
Deadline: 11-08-2024

 

Er du helsefagarbeidar? Eller har planar om å bli det? 

Ønskjer du å gjera ein forskjell i eldreomsorga?

Me har ledig 3 stk.100 % faste stillingar frå hausten. Stillingane er for tida knytt til 2 delt turnus med arbeid på dag og kveld, samt helg. Me tilbyr ulike helgerotasjonar og vaktlengde. Om ønskjeleg kan stillingsstorleik diskuterast.

  • Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu, og tilsette hos oss jobbar med å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
  • I pleie og omsorgstenesta legg me vekt på god kommunikasjon mellom brukarane og dei tilsette.

 

Arbeidsoppgåver

  • Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutiner og prosedyrer 
  • Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging 
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • Dagleg journalføring i Gerica

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Lærlingar i helsefag i siste lærehalvår vert oppmoda om å søkja. Andre faggrupper innan helse kan óg søkja.
  • Er du interessert i å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du er i jobb hos oss, kan du vera aktuell for ei stilling som pleiemedarbeidar. Me ser etter deg som har genuin interesse for faget og er motivert for å ta utdanning innan helse og omsorg 
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg tilsvarande B2

 

  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden 

Personlege eigenskapar

  • Kan formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Du er engasjert og positiv
  • Interesse for fagfeltet geriatri
  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
  • Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling og arbeid/arbeidsstid
  • Individuelt tilpassa turnusar så langt drifta tillet det
  • Du får delta på relevante kurs og møter
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 481 45 217
Karina Barane, Teamleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 908 36 209

Arbeidsstad

Skårdalsvegen 20
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4831318403
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øysteseheimen langtidsavdeling, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ØYSTESE (Adresse: Skårdalsvegen 20 Postnr: 5610)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/74f30f83-743f-4ab0-9c1b-599ec7c96f9d
IMPORTAPI