Job Description

Published 03-12-2024
Deadline: 14-12-2025

 

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Me søker:

Er du barne og ungdomsarbeidar eller har anna relevant utdanning eller erfaring? Me treng personar i 120 %, vikariat grunna svangerskapspermisjonar ved Ølen skule, stillingane er ledig snarast til 31.07.25 eller til 31.12.2025. Det er mogleg at vikariatet blir forlenga. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Ha medansvar for elevar på 1.-7.trinn inne i klasse og ute på gruppe
  • Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elevar saman med lærarar
  • Det kan inngår i stillinga å arbeide ved skulen sin SFO (skulefritidsordning)
  • Anna arbeid kan bli aktuelt 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev eller anna utdanning som er retta inn barn og unge
  • Anna relevant utdanning vil bli vurdert
  • Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i traumebevisst omsorg
  • Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring 

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid 
  • Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
  • Løysningsorientert
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 300 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Ølen skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 280 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ØLEN (Adresse: Litlehagen 15 Postnr: 5580)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ba4ac21b-98bf-4011-9ef0-f6762003967e
IMPORTAPI