Er du ein pedagog som kan bidra i endring- og utvikling? – Vindafjord kommune Sandeid barnehage
Education Barnehagelærer(2 weeks ago)
Job Description
Published 12-12-2024
Deadline: 03-01-2025
Er du ein pedagog som kan bidra i endring- og utvikling?
Me søker:
Sandeid oppvekstsenter søkjer etter vikar for pedagogisk leiar i 100% stilling frå snarast mogeleg og ut barnehageåret 2025-2026. Sandeid barnehage har i overkant av 60 barn frå 0 – 3 år, og ein engasjert personalgruppe. Me treng uredd og utviklingsorientert pedagog som blir med oss på laget framover.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Inngå i leiarteam i barnehagen og bidra til samarbeid i drift og utviklingsarbeid
- Dagleg leiaransvar og overornda administrativt og pedagogisk ansvar for avdelinga
- Hovudansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa
- Vera tilstade og løfte fram leik, læring og omsorg i kvardagen, i nært samarbeid med øvrige tilsette og føresette
Kvalifikasjonar:
- Utdanna barnehagelærar
- Anna relevant utdanning og bakgrunn kan bli vurdert
- Erfaring frå barnehage
Personlege eigenskapar:
- Du er er positiv, samarbeidsvillig, engasjert og fleksibel
- Du er ein strukturert og tydeleg leiar, trygg i rolla og kan jobbe sjølvstendig og samarbeide i team
- Du er løysningsorientert og endringsvillig, ser mogelegheit framfor begrensning
- Du kan gje tryggleik og omsorg, og legge tilrett for leik og utvikling ved å sette om teortisk kunnskap til praksis
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Sandeid barnehage er ein del av Sandeid oppvekstsenter og ligg sentralt plassert i Sandeid. Me har flott uteleikeplass og gode turmogelegheiter. Me ynskjer uredde folk med på laget, som er med å sikre gode kvardagar for barn, føresette og tilsette. Ta kontakt om de har spørsmål om stillinga eller barnehagen og oppvekstsenteret.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO