Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer ein variert jobb i heimetenesten og korttidsavdeligen ved Hjelmeland omsorgssenter? – Hjelmeland kommune Hjelmeland omsorgssenter
Health and social care LPN (nurse)(1 week ago)
Job Description
Published 23-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer ein variert jobb i heimetenesten og korttidsavdeligen ved Hjelmeland omsorgssenter?
Me har ledig ein 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Hjelmeland omsorgssenter med tiltreding frå 01.01.02025
Stillinga inneber todelt turnus kveld/natt med helgearbeid, men dette kan endrast.
Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar og heimetenesten. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med heile året. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar.
Me søker etter ein person som
– bidra aktivt til eit godt miljø
– er sjølvstending og tek initiativ i arbeidet sitt
– har god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
– er fagleg dyktig
– er positiv og motivert
– er fleksibel og løysningsorientert
– er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Arbeidsoppgåver
– delta i stell, pleie og daglege gjeremål
– primærkontakt funksjon
– dokumentasjon
Kvalifikasjonar og vilkår
– godkjent fagbrev som helsefagarbeidar
– erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
– språkkrav minimum B2 nivå
– førarkort kl. B
Me tilbyr
– godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
– gratis barnehage
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO