Job Description

Published 17-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønsker å gjer ein forskjell?

Bli ein viktig del av teamet våras på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter, kor me jobbe saman for å skapa ein trygg og god heim for våre bebuarar. Me søker nå helsefagarbeidarar til spennande stillingar i 80-100% fast innen demensomsorg, somatisk langtid, korttids/rehabilitering eller nattarbeid. Hos oss får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande miljø, med utfordringar som vil gi deg både utvikling og meistring.

Om Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter:

Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 14 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 32 plassar. Ølen omsorgssenter har 14 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdelinga.

Frå februar 2025 startar begge arbeidsstadar med ny årsturnus. Hos oss vil me ha det høgt under taket, og med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Me ønsker at våre medarbeidarar skal ha moglegheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar. Me er i utvikling og ønsker å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. 

Du kan sjekka ut Facebooksidene våras (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter), om du har lyst til å bli litt betre kjent med oss.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu og gode tenester.
  • Helsefaglege oppgåver som; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner mm.
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
  • Helsefagarbeidarar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter får tilbod om lønn som er kr. 10.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
  • Ved relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
  • Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter. 
  • Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Me tenker at du:

  • Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.
  • Søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert
  • Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane – bebuaren kjem først!
  • Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Har interesse for faget og held deg oppdatert.
  • Likar å finne nye måtar å arbeide på! 
  • Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
  • Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
  • Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter orgnr: 975270416
Kort om arbeidsgiver Ølen omsorgssenter er plassert i Ølen. Omsorgssenteret har ansvar for drift av produksjonskjøkken, dagsenter, somatisk langtidsavdeling, korttid/rehabiliteringsavdeling, inkludert palliativ seng med totalt 27 institusjonsplasser. Heimetenesta indre sone har kontor ved Ølen omsorgssenter. Kvar avdeling vert administrert av kvar sin avdelingssjukepleiar. Avdelingane har teamsjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Fysio/ergo har og sine kontor/treningssenter på omsorgssenteret. Me som jobbe på Ølen omsorgssenter har fokus på kvalitet på våre tenester og at våre bebuarar/brukarar skal ha brukarmedverknad og leva heile livet.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 30 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/de8ab593-40ec-42f0-95e1-1d5136bf1152
IMPORTAPI