Job Description
Published 04-11-2024
Deadline: 20-11-2024
Er DU den me leitar etter?
Me søker:
Helsesjukepleiar i 80 % stilling på Vindafjord helsestasjon frå 01.02.25. Stillinga er 1 års vikariat med stor muligheit for forlenging og/eller fast stilling.
Hovudarbeidsoppgåver:
Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta.
- Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år.
- Vaksinering
- Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge.
- Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar.
- Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar kan bli aktuelt på sikt.
- Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan bli aktuelt på sikt.
Kvalifikasjonskrav:
-
Helsesjukepleiar
-
Sjukepleiar med relevant vidareutdanning og/eller erfaring med barn og unge kan også søkje på stillinga.
-
Sjukepleiar med rette personlege eigenskaper kan også vurderast til stillinga.
Personlege eigenskapar
- Evne til sjølvstendig strukturert arbeid, nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar
- Målretta og fagleg engasjert.
- Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper
- Fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskaper blir vektlagde.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO