Job Description

Published 11-06-2024
Deadline: Unknown

 

Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?   

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på alle avdelingane. 

På avdeling for pasientar med demenssjukdom er det ledig helgestilling 21,6% kvar 3. helg. I tillegg stillingar kvar 2. og 3. helg i størrelser frå 15,5 – 20,4%

På somatsk langtidsavdeling er det ledig helgstilling hver 3.helg, hver 4.helg med langvakter, hver 2. helg med dagvakter (lørdag og søndag) og hver 4. helg med dagvakter (lørdag og søndag). Stilligstørelse er frå 9,9 – 24.30%

På somatisk korttidsavdeling er det ledig vikariat i 17,37%, og ein fast stilling på 14,08%.  Begge er kvar 3 helg.

Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling/ avdeling du er interessert i.

Me har starta prosjektet “Tid for handling”, der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og  dagleg drift av gruppa. 

Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg – eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VALESTRANDSFOSSEN (Adresse: Osterøytunet 3 Postnr: 5281)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4eec093a-6464-4e8e-bc02-7b45d56879b5
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/264471