Job Description

Published 09-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Embryolog/bioingeniør med relevant bakgrunn (min. bachelor)

Ledig 100% fast stilling som embryolog/bioingeniør ved Fertilitetssenteret, Kvinneklinikken.

Fertilitetssenteret er ein poliklinikk som tilbyr behandling til par som ønsker barn. Arbeidet går føre seg i eit tverrfageleg team av legar, sjukepleiarar, kontortilsette og laboratoriepersonell. I dag er det 20 tilsette i eininga.

Fertilitetssenteret har arbeidd med assistert befrukting sidan 1987 og tilbyr i dag dei fleste former for behandling som er tillatt i Noreg. Ein utfører ugreiingar, forsamtalar, behandling med assistert befrukting, sædanalysar, testisbiopsiar, hysteroskopiar, vannscan og fertilitetsbevarande behandling for kvinner og menn.

I dag held vi til i Kvinneklinikken sine lokale i Årstadhuset, men eininga skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus i 2025. Etter flyttinga skal aktiviteten aukast og behandlingstilbodet utvidast med sæddonasjon og eggdonasjon.  

Arbeidsoppgåver

  • Delta i alle laboratorieprosessar i tilknyting til gjeldande behandlingstilbod
  • Meistre eukaryot celledyrking og sterile arbeidsteknikkar
  • Utføre sædanalysar i henhald til WHO-standard
  • Delta i kvalitetssikringsarbeidet i seksjonen
  • Ha dialog med pasientar i behandling

Kvalifikasjonar

  • Utdanning/sertifisering som embryolog, bioingeniør eller som minimum ha bachelorutdanning i biovitenskaplege fag
  • Søkar bør ha erfaring med eukaryot celledyrking og sterile arbeidsteknikkar
  • Søkarar utan praktisk erfaring med eukaryot celledyrking bør vise til gode praktiske laboratorieferdigheiter
  • Motivasjon for ESHRE sertifisering er ønskeleg
  • Søkar må delta aktivt i teamet og samarbeide godt med andre profesjonar
  • Det er ein fordel at søkar har erfaring frå kvalitetssikringsarbeid
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Søkarar utanfor Skandinavia bør dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg og som minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå (legg ved dokumentasjon).
  • Søkar bør arbeide strukturert, sjølvstendig og være engasjert og kvalitetsorientert
  • Søkar bør ha gode kommunikasjonsevner og trivast med teamarbeid

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Eit svært aktivt og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Opplæring vil bli gitt og søkjar må kunne meistre oppgåvene etter gitt opplærings- og progresjonsplan
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Trine Elholm Bjånesøy, Rådgivar, 55974274
Siren Skrede, Seksjonsleiar, 55974244

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4867255614
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinneklinikken/ Fertilitetssenteret, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cac81fbd-629e-4cfa-8994-9d97777d9b95
IMPORTAPI