Embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett – Domstoladministrasjonen – Dommerstillinger
Transport og lager Speditør og befrakter(2 weeks ago)
Job Description
Published 05-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett
Om stillinga
Vil du ha som fremste jobb å oppretthalde tilliten i samfunnet, kanskje den viktigaste bærebjelken i samfunnet vårt? Då kan jobben som tingrettsdommar væra interessant. Vi skal sikre at det er tillit mellom domstolane og samfunnet.
Som tingrettsdommar vil du bryne deg på et stort spekter av juridiske oppgåver som ofte er særs komplekse. Det krev tid, sparring, diskusjonar og tankearbeid. Med på laget vil du få kollegar som er oppriktig interesserte i faget og som er opptatt av felles læring.
Ved Vestre Innlandet tingrett er det ledig stilling som tingrettsdommar, med kontorstad på Fagernes. Du vil måtte rekne med å arbeide opp mot halvparten av tida på Gjøvik, 1 til 2 veker i månaden. Oppstart etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil være:
- å planlegge for gjennomføring av sakene på en effektiv måte
- å leie rettsmøte og rettsmeklingar
- å sikre at avgjerslene får god kvalitet
- å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Kven er du?
Krava vi stiller for å bli tingrettsdommar er:
- Du må ha juridisk embetseksamen/cand.jur eller master i rettsvitskap
- Relevant arbeidserfaring er eit stort pluss
- Det er ønskjeleg med brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere i møte med mennesker
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med et språk alle kan forstå
- Du må sjå moglegheitene digitale verktøy gjer for å effektivisere arbeidsprosessar
Du må være norsk statsborgar. Det krevst utvida politiattest dersom du blir innstilt.
Personlege eigenskapar
Det er viktig å kjenne seg igjen i fleire av følgande eigenskapar:
- Du har høg fagleg kompetanse, analytiske evner og høg integritet. Jobben er fagleg like krevjande som den er spennande.
- Du må ha en personleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane. Det er nødvendig for å skape den nødvendige tilliten.
- Du må kunne kommunisere godt med alle partar, blant anna menneske i sårbare situasjonar. Livserfaring kjem derfor godt med.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta vanskelege avgjersler. Personleg eigenskap blir vektlagt.
Vi tilbyr
Forutan komplekse og varierte juridiske problemstillingar og et viktig samfunnsoppdrag, kan vi følgande:
- stort rom for kontinuerleg utvikling i et spennande fagmiljø
- eit omfattande kompetanseprogram for dommarar
- moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
- faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Ved tilsetjing tilbyr vi lønn for stilling som tingrettsdommar er for tida kr. 1 351 700,-. Frå løna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
Om oss
Domstolane er den tredje statsmakt. Norge har 49 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som samfunnets viktigaste konfliktløyser er domstolane avhengig av tillit. Det inneberer at verksemda må innfri samfunnets krav og forventningar.
Domstolane er avgjerande for at vi har et trygt og godt samfunn basert på tillit. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjersler, uavhengig av utfall. Til oss kan kvar og ein få avgjort sin sak, satt strek og kome seg vidare.
Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å djupdykke ned i jussen.
Vestre Innlandet tingrett er en fullfagleg domstol i førsteinstans, med rettsstader per i dag på Fagernes, Gjøvik, Lillehammer og Vågå. Sakene blir behandla ved dei rettsstadene dei geografisk høyrer til. Det må påreknast å gjære teneste på alle rettsstadene i rettskretsen. Domstolen har 12 dømmande årsverk og en samla bemanning på 31 medarbeidarar.
Stortinget vedtok i vår strukturendring av Vestre Innlandet tingrett. Det fører til at rettsstadane Lillehammer og Vågå blir overført til den nye domstolen Gudbrandsdal tingrett.
Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Rettskrinsen utgjer kommunane Dovre, Etnedal, Gausdal, Gjøvik, Gran, Lesja, Lillehammer, Lom, Nord-Fron, Nord-Aurdal, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vang, Vågå, Østre Toten, Øyer og Øystre Slidre.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Domstoladministrasjonen – Dommerstillinger orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Noregs domstolar ønsker å være en inkluderande og mangfaldig arbeidsplass, der alle medarbeidarar blir verdsett og har like moglegheiter. Mangfald er en styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av i søknadsportalen. Les meir om moglegheitene for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling. Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som seinare måtte bli gjorde i rettskrinsen til og organiseringa av domstolen, t.d. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknad og CV til stillinga vert handtert med heimel til lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane. Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om søkar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste være tilgjengeleg på på Søkerlister – Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler. Generell informasjon til søkarane finn du på www.domstol.no/innstillingsradet. Søknad med CV, vitnemål og attester sendes elektronisk via link på denne sida ”Søk denne stilling». Ver vennleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga utlyst. |
Webside | http://www.domstol.no/ |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Speditør og befrakter |
Sted | FAGERNES (Adresse: Jernbanevegen 22 Postnr: 2900) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-01-2025 |