Elektrikar med erfaring frå skipsbygging og/eller drift. – Volti As

Carpenters Electrician/Electronics

(7 hours ago)

  • ULSTEINVIK
  •  Post Date: 22. December 2024
  •  Expire date: 23. December 2024
Job Description

Published 22-12-2024
Deadline: Snarest

 

Elektrikar med erfaring frå skipsbygging og/eller drift.

Volti elektro er ei avdeling i VOLTI som utfører elektroinstallasjon og service for skip, næringsbygg, industri og bustadsmarknaden.

Vår aktivitet på installasjon av skip aukar voldsomt og vi søkjer difor etter dyktige elektrikarar for å bidra i vårt team av dyktige og erfarne medarbeidarar.

Hva vi ser etter

Vi ser etter personar som brenn for faget slik vi andre i Volti gjer, og som ser moglegheiter for korleis elektrotekniske system kan forbetrast både med tanke på produksjonsoptimalisering, og tekniske løysingar.

VOLTI har sett seg som mål å bidra til å gjere norsk verftsindustri konkurransedyktig med tekniske løysingar som gjer det effektivt å bygge avanserte skip i Noreg, også i framtida.

Erfaring frå faget er alltid viktig. Men vel så viktig er personlegheit og motivasjon. Difor søkjer vi også personar som ynskjer å lære meir om elektrofaget og har eit ynskje om å bidra til å utvikle miljøteknologi ombord i skip, samt andre elektrotekniske løysingar til skip.

Søkjar bør ha fagbrev elektrikar.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver for elektrikarar vil vere:

  • Samarbeid med prosjektleiar for planlegging av gjennomføring og tekniske løysingar.

  • Installasjon ombord i skip. i hht. gjeldande regelverk.

  • Bidra til å sikre at alle i teamet fokuserar på kvalitet og sikkerheit i arbeidet.

  • Koordinere innleigd arbeidskraft ved større prosjekt.

Vi tilbyr

VOLTI er eit ungt selskap med store planar, og har fått godt fotfeste i den maritime næringa. Her vil ein person som søkjer fagleg og personleg utvikling finne ein god arene saman med likesinna som heile tida jobbar for å sikre optimaliserte arbeidsprosessar og gode løysingar for våre kundar.

VOLTI har gode lønsvilkår, arbeidsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar.

Arbeidet vil i hovudsak foregå på Green Yard Kleven i Ulsteinvik. Arbeid på skip rundt i verda ellers vil kunne vere aktuelt.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volti As orgnr: 931567497
Kort om arbeidsgiver

VOLTI AS er eit teknologi selskap etablert i Ulsteinvik, med automasjons-avdeling i Hovdebygda (Ørsta), og elektro-avdeling i Ulsteinvik.

Ved å bringje framtidsretta og berekraftige løysingar til maritim næring vil Volti bidra til å styrkje konkurranseevna til verftsindustrien og utstyrsprodusentar i Noreg, samt syte for at kundar får dra nytte av ny teknologi til å betre sine prosessar og dermed effektivisere sitt arbeide for å auke eigen produktivitet og kvalitet.

VOLTI er registrert elektroinstallatør og ekom-installatør.

Webside https://www.volti.no
Bransje Håndverkere
Yrke Elektriker/elektro
Sted ULSTEINVIK (Adresse: c/o Green Yard Kleven, Klubbenesvegen 39 Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dbcd5b8d-2a09-423b-ba3f-8b8e5b898d1a
Stillingsregistrering