Job Description

Published 02-09-2024
Deadline: 03-10-2024

 

Ekspedisjonssjef kulturvernavdelinga

Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet søker ein strategisk og framtidsretta leiar for kulturvernavdelinga. Ekspedisjonssjefen har fag- og personalansvar for 23 kompetente og fagleg engasjerte medarbeidarar og skal saman med dei forvalte og utvikle den samla porteføljen til avdelinga. Som ekspedisjonssjef arbeider du tett saman med den politiske leiinga i departementet og er sjølv ein del av den administrative toppleiinga. Du vil difor ha eit medansvar for å styre, drive og utvikle heile departementet som eit profesjonelt forvaltningsorgan og støtteapparat for den politiske leiinga.

Kulturvernavdelinga har ansvar for språk, litteratur, arkiv, bibliotek, visuell kunst, kulturbygg, museumsformål, immateriell kulturarv, krigsgravtenesta og samiske saker. I tillegg vil du som ekspedisjonssjef ha ansvaret for styringa av Språkrådet, Arkivverket, Nasjonalbiblioteket, KORO (Kunst i offentlege rom) og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje. Det må påreknast endringar i porteføljen til avdelinga.

Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning, med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for kravet til utdanning. Du må ha god leiarerfaring, relevant forvaltningskompetanse og god styringskompetanse. Du må forstå politiske prosessar og rolla som ekspedisjonssjef i eit departement. Det er ein fordel med tidlegare erfaring frå departement. Vi legg vekt på at du kan tenkje overordna og strategisk. Det er ein fordel om du har kjennskap til fagområda avdelinga har ansvaret for. Vi legg vekt på erfaring frå etatsstyring, erfaring med den statlege budsjettprosessen og evne til å samarbeide på tvers av sektorar. Kjennskap til offentlege byggjeprosjekt er ein fordel. 
 

Du må vere interessert i leiing og ha evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt. Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i medarbeidarane dine. Det er viktig med godt humør.
 

Stillinga er eit embete og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan få tryggingsklarering. Vi brukar Semac bakgrunnssjekk i våre rekrutteringsprosessar, og tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk av den som tilbydast stillinga. Lønn etter avtale. 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukte til registerformål. Som IA-verksemd vil vi leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Les meir på Arbeidsgivarportalen.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Før søknadsfristen kan interesserte ta fortruleg kontakt med Liv S. Bøe i DSS på tlf. 911 08 263/e-post liv-sissel.boe@dss.dep.no.

Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det utarbeidd søkarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkarar har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kultur- og likestillingsdepartementet orgnr: 974625709
Kort om arbeidsgiver

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.

Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted OSLO (Adresse: Grubbegata 1 Postnr: 0179)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3b37ac8b-d039-4b49-9924-4dd3e37c861e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267094