Eksamenskonsulent – Universitetet i Bergen

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 days ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 24. March 2025
  •  Expire date: 15. April 2025
Job Description

Published 24-03-2025
Deadline: 15-04-2025

Eksamenskonsulent

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Eksamenskonsulent

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 100 % fast stilling som eksamenskonsulent, særleg knytt til Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst, og Institutt for design. Til stillinga høyrer også arbeid med timeplanlegging av undervisningsaktivitetar for fakultetet.

Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning, innovasjon og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet ønsker å tilby eit godt læringsmiljø for studentane, og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd 

Som eksamenskonsulent inngår du i studieseksjonen på fakultetet, med om lag 12 andre medarbeidarar. Eksamenskonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med studieseksjonen ved fakultetet, forutan fagmiljø og studentar. 

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av eksamen og vurdering.
  • Samarbeid og koordinering av prosessane saman med studieadministrasjon og fagmiljø, og eksterne aktørar. 
  • Tett samarbeid med produsent om planlegging og gjennomføring av arrangement i samband med eksamen.
  • Samarbeid om studieplanar og emnebeskrivingar med vurderingseiningar.
  • Kontroll av studentane sine fullførte obligatoriske arbeidskrav og progresjon (FS), i samarbeid med studiekonsulentane.
  • Sakshandsaming og studentrettleiing i samband med eksamen.
  • Kontakt og informasjon til eksterne sensorar (sensorrettleiingar), inkl. koordinering av arbeid med honorar og bestilling av reiser.
  • Sikre lokalitetar for eksamensavviklinga. 
  • Informasjonsdeling (planverk, nettsider, Mitt UiB).
  • Ansvar for timeplanlegging ved KMD.
  • Vere med på å utvikle gode prosedyrar for innmelding av undervisningsaktivitetar ved fakultetet, i tråd med årskalender og det studieadministrative årshjulet.

    Den som vert tilsett må òg rekne med å bidra med anna sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde. Oppgåvene kan bli noko endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Fakultetet søker ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og legge til rette for ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon i det aktuelle fagfeltet. 

  • Søkjar må ha høgare relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanningskravet. 
  • Det er ein føremon om søkjar har administrativ kunnskap og erfaring frå forvaltning av kunstfaglege utdanningar og vurderingsarbeid. Generell erfaring frå det studieadministrative arbeidsfeltet i universitets- og høgskulesystemet kan ha betyding.
  • Den som innehar stillinga må kunne handtere og koordinere ei stor mengde detaljinformasjon og prosessar som går føre seg samtidig.
  • Den som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • Det er naudsynt med god IT- forståing og -kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er ein føremon (særleg Elements, FS, Microsoft/Office-pakken, Canvas/MittUiB), samt ev andre digitale kommunikasjonsverktøy.
  • Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. T.d. må den som har ansvar i stillinga vere sjølvstendig, strukturert og nøyaktig, med sans for detaljarbeid. Evne til planlegging og koordinering av arbeidsprosessar er viktig. I tillegg ønsker vi ein positiv og imøtekomande medarbeidar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanningsfeltet og det profesjonelle kunst- og kulturlivet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) vert løna med årsløn tilsvarande 525 000 – 580 000 kr i 100 % stilling. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • CV.
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no).

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a72cb05f-4045-4778-9a52-e22d34e0aade
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277915

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31