Job Description

Published 04-11-2024
Deadline: 30-11-2024

 

Einingsleiar ved Indre Nordmøre barneverntjeneste

Einingsleiar ved Indre Nordmøre barneverntJeneste

Ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Er du opptatt av å gi gode opplevingar og meiningsfulle dagar, i ein trygg relasjon til våre engasjerte medarbeidarar?

Vi søker deg som vil vere lagleiar og guide i vårt arbeid med å utvikle barnevernstenesta.

Indre Nordmøre barnevernteneste for kommunane Surnadal, Rindal, Sunndal og Tingvoll skal tilsette einingsleiar i fast 100% stilling.

Indre Nordmøre barnevernteneste vart etablert frå den 01.01.20. Tenesta har 22,8 årsverk fordelt på kontorstader lokalisert i Sunndal kommune og Surnadal kommune. Stillinga som einingsleiar inneber at ein må ha kontortid både i Surnadal og Sunndal.   

Indre Nordmøre barnevernteneste er frå mai 2022 inndelt i tre team. Vi har to team – Surnadal/Rindal og Sunndal/Tingvoll, med kvar sin teamleiar som har ansvaret for undersøking og oppfølging av barn som bor heime.  Samt eit team på tvers av kontora som arbeider med barn som bor utanfor heimen eller er på ettervern. Tenesta har også to heimekonsulentar som jobbar direkte med familiar som treng veiledning for å styrke foreldrefunksjonen.

Hovudoppgåva til eininga er å sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barneverntenesta skal på same måte som andre kommunale tenester bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Frå 01.01.22 fekk kommunane økt ansvar på barnevernområdet. Barnevernreforma eller oppvekstreforma som den også kallast, har som mål å styrke førebyggande arbeid og tidleg innsats i kommunane.

Kommunen ønskjer ein einingsleiar som:

  • Kan og vil leie, har faglege og administrative leiareigenskapar og som har eit bevisst forhold til samspelet mellom fag og leiing.
  • Kan setje klare mål for verksemda og utnytte dei samla ressursane effektivt
  • Har evne og vilje til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid
  • Har relevant høgskuleutdanning og leiarerfaring
  • Har god økonomiforståing, er strukturert og ryddig
  • Har interesse for korleis ein kan bruke teknologi for å forbetre arbeidsprosessar og system.
  • Kan tenke nytt rundt rekruttering og bidra til å dekke kompetansebehovet i eininga
  • Er lojal til kommunen sine mål

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Mulighet for leiarutdanning og videreutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

For stillinga gjeld:

Krav om tilfredsstillande politiattest, og denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader. 

 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Lars Inge Kvande, tlf.nr. 95198822 og på epost lars.inge.kvande@surnadal.kommune.no eller kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf.nr. 97174856 og på epost gunhild.eidsli@surnadal.kommune.no.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver Indre Nordmøre barneverntjeneste vart etablert 01.01.2020. Surnadal er vertskommune for samarbeidet beståande av kommunane Rindal, Tingvoll, Sunndal og Surnadal. Tenesta har 22,8 årsverk. Tenesta er organisert med kontor både i Sunndal og Surnadal.

Indre Nordmøre barneverntjeneste er frå mai 2022 inndelt i tre team. Vi har to team – Surnadal/Rindal og Sunndal/Tingvoll, med kvar sin teamleiar som har ansvaret for undersøking og oppfølging av barn som bor heime. Samt eit team på tvers av kontora som arbeider med barn som bor utanfor heimen eller er på ettervern. Tenesta har også to heimekonsulentar som jobbar direkte med familiar som treng veiledning for å styrke foreldrefunksjonen.

Hovudoppgåva til eininga er å sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barneverntenesta skal på same måte som andre kommunale tenester bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Frå 01.01.22 fekk kommunane økt ansvar på barnevernområdet. Barnevernreforma eller oppvekstreforma som den også kallast, har som mål å styrke kommunenes førebyggande arbeid og tidleg innsats.

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted SURNADAL (Adresse: Bårdshaugvegen 1 Postnr: 6650)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/660f43df-23c4-4843-8de5-99585e8fa5a8
IMPORTAPI