Eining Psykisk helse og rus søker etter – Sunnfjord kommune Psykisk helse og rus
Health and social care Miljøarbeidere(2 days ago)
Job Description
Published 25-11-2024
Deadline: 13-12-2024
Eining Psykisk helse og rus søker etter
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.
Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.
I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. I tillegg har vi tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.
Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.
Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår
Ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut
Stillinga er turnusarbeid – dag/kveld (mogleg helg) og ligg til sone Førde
Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og ein må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. Skulle det komme eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, kan det verte aktuelt å jobbe der i periodar.
Kvalifikasjonar:
Vi søker primært etter personar med medisinfagleg kompetanse. Sjukepleiar eller vernepleiarar. Anna relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag vert også vurdert.
Ynskjeleg med vidareutdanning innan feltet rus og rusproblematikk, eller psykisk helsearbeid, men ikkje eit absolutt krav. Anna relevant kompetanse og erfaring vil også verte vurdert.
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter. Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som:
- har gode samarbeidsevner
- er positiv, nysgjerrig og reflekterande
- er strukturert
- er sjølvstendig og trygg
- er fleksibel og løysningsorientert
- bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver :
- oppfølging av tenestemottakarar
- dokumentere i relevant fagsystem
- arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
- bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
- tverrfagleg arbeid
- engasjerte kollegaer og leiarar
- godt arbeidsmiljø
- faglege utfordringar
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tiltreding 2.01.2025 eller snarast etter nyttår.
Du må søke elektronisk. Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO