Job Description

Published 30-10-2024
Deadline: 20-11-2024

 

Eigedomssjef, kommunal drift og samfunnsutvikling

Vestre Slidre kommune har ledig 100% nyoppretta stilling som Eigedomssjef, kommunal drift og samfunnsutvikling. Eigedomssjefen har ansvar for drift og utvikling av kommunale eigedomar, bygg, veg, vatn og avløp.

Vestre Slidre  kommune er inne i ei tid med stor aktivitet innanfor området. Dette inkluderer mellom anna store VA-prosjekt, utvikling av kommunale bustadområde, utvikling av kommunen sine tre sentrumsområde, i tillegg til dagleg drift av bygg, vegar, vatn og avløp.

Eigedomssjefen vil vera ein del av leiargruppa til kommunedirektøren, som har fokus på heilskapleg, brukarorientert og koordinert utvikling av kommunen som tenesteleverandør. Eigedomsjefen er ansvarleg for tenester som er viktige for både heiltids- og deltidsinnbyggarar og næringsliv. Godt samspel med folkevalde, private aktørar og sentrale mynde er avgjerande for å levere gode og riktige tenester.

Ansvarsområdet for stillinga er breitt. Det opnar for kandidatar med ulik type fagbakgrunn. Det vil imidlertid bli lagt vekt på erfaring og evne til å gjennomføre større prosjekt innafor ansvarsområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing med overordna ansvar for dagleg drift, økonomi og personal.
  • Samordne og utvikle verksemda.
  • Førebu grunnlag for administrative og politiske avgjersler.
  • Ta initiativ til å setje i verk og gjennomføre politiske vedtak – herunder større investerings- og utviklingsprosjekt.
  • Strategisk leiing, som ein del av kommunedirektørens leiargruppe. 
  • Sikre kontinuerleg betringsarbeid og kompetanseheving innanfor tenesteområdet, med fokus på mellom anna fag, lovverk, miljø og mottakarar av tenestene.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg med :

  • Relevant utdanning frå universitets- eller høgskulenivå.
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd. 
  • Vidare bør du ha kjennskap til kommunesektoren, og forståing for politiske prosessar.
  • Erfaring med prosjektleiing er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som:

  • er inkluderande, tillitsbyggande og som har gode kommunikative evner, med evne til å skapa felles forståing og respekt i samhandling med ulike partar.
  • er løysings- og resultatorientert, med høg gjennomføringsevne.
  • har god økonomiforståing og evne til å setja seg inn i fagleg kompliserte problemstillingar. 
  • har overblikk og evne til å handtere både strategiske og operative utfordringar.

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar.
  • Eit arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar.
  • Lønns og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtaler.

Kontaktinformasjon

Rolf Stalenget, +47 90898321

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4879650164
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestre Slidre kommune orgnr: 974596938
Kort om arbeidsgiver

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Webside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted SLIDRE (Adresse: Slidrevegen 16 Postnr: 2966)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9a66dbe2-12ba-4c62-9990-fa89a7e9d923
IMPORTAPI