Driftsteknikker team Romsdal – Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Construction Andre ingeniører(20 hours ago)
Job Description
Published 05-11-2024
Deadline: 15-11-2024
Driftsteknikker team Romsdal
I bygg- og eigedomstenester i Møre og Romsdal fylkeskommune er det ledig ein fast 100 % stilling som driftsteknikar
ved Team Romsdal som i hovudsak har ansvar for Molde vgs., Romsdal vgs., Rauma vgs. og Gjermundnes vgs., men då driftsteknikarane jobbar i team, vil delar av stillingane vere knytt opp mot dei andre fylkeskommunale eigedomane i regionen.
Innan kvart team er det ønskelig at driftsteknikarane har eit eller fleire fagområde der dei kan bidra med faglig støtte til resten av teamet.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med:
Arbeidsoppgåvene omfattar drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg, uteareal og serviceoppgåver overfor
brukarane av bygga. Dette betyr ansvar for oppfølging og systematisering av dokumentasjon i forbindelse med
internkontrollar og periodiske driftsoppgåver, dagleg oppfølging av byggautomasjon og SD-anlegg, avvikshandtering,
reparasjonar, mindre vedlikehald og utskiftingar, oppfølging av serviceavtaler og rapporter frå tilsynsmyndigheiter.
Det blir brukt FDV-system til planlegging og organisering av arbeida.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har:
-fagbrev i byggdrift, elektro, VVS, bygningsfag eller anna relevant fagutdanning
-relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg
-forståing og grunnleggande kunnskap om inneklima i bygningar
-brei og god teknisk interesse, kompetanse og forståing
-har kunnskap og forståing for systematisk dokumentasjon av eigedomsdrift
-god kunnskap om bruk av IKT som arbeidsverktøy
-erfaring med SD-anlegg og byggautomasjon
-førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
-liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig
-er serviceinnstilt og løysningsorientert
-er positiv, engasjert og samarbeidsvillig
-er fleksibel og villig til å stå på litt ekstra ved behov
-kan snakke og skrive godt norsk
Vi tilbyr
-utfordrande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
-gode moglegheiter for fagleg utvikling og opplæring
-fleksibel arbeidstid
-offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
-løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Håvard Rakvåg, Teamleiar Romsdal, 97696782
Torgeir Haukebø, Bygg- og eigedomssjef, +47 46418730
Arbeidsstad
Øvre veg 23
6413 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4876774177
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | MOLDE (Adresse: Øvre veg 23 Postnr: 6413) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-11-2024 |