Driftstekniker IT – Seksjon for eigedomsdrift Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
IT Drift, vedlikehold(18 hours ago)
Job Description
Published 05-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Driftstekniker IT
Seksjonen for eigedomsdrift ved Ålesund sjukehus spelar ei nøkkelrolle i å sikre at sjukehuset fungerer optimalt kvar dag. Vi har ansvar for drift og vedlikehald av bygningar, tekniske anlegg, utstyr og uteområda på sjukehusområdet. Seksjonen vår består av eit dyktig og tverrfagleg team på 27 medarbeidarar, med kompetanse innan elektro, svakstraum, tømring og røyrlegging til byggautomatisering, mekanisk verkstad og gartnararbeid og meir.
No ønskjer vi å styrke teamet vårt ytterlegare med ein engasjert driftsteknikar IT i ei fast, 100%-stilling. Hos oss vil du få moglegheita til å utvikle deg i eit spennande fagmiljø.
Hugs å laste opp vitnemål, fagbrev, attestar, tenestebevis som vedlegg til søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Utføre 1. linjeoppdrag og handtere oppdrag med korte responstider
- Delta aktivt i drifts- og vedlikehaldsplanlegging
- Utføre førebyggande vedlikehaldsoppgåver i samsvar med årsplan og gjeldande forskrifter og lovverk
- Ha kontakt med prefererte tekniske leverandørar for innkjøp av teknisk utstyr, samt service- og vedlikehaldsleveransar
- Delta i tekniske grupper på tvers av alle sjukehusa i Helse Møre og Romsdal / Helse Midt-Norge
- Ansvar for drift og vedlikehald av telefoni, personsøk, overfallsalarm, pasientsignal og adgangskontroll
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev som driftsteknikar IT, telekommunikasjon, eller svakstraumsmontør
- Elektrikarfagbrev gruppe L eller S, med interesse og kompetanse innan svakstraum/IT, er oppmoda til å søkje
- Fem års relevant erfaring etter fullført utdanning eller avlagt fagprøve er ynskjeleg
- Erfaring med arbeid i FDVU-system (forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling)
- Kompetanse og interesse for nettverk og generelle ekom-anlegg
- Erfaring frå prosjektretta arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Norsk som skriftleg og munnleg arbeidsspråk
- Tilstrekkeleg kunnskap i engelsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Må ha god systemforståing for tekniske anlegg
- Vere løysingsorientert og kunne arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kim Andre Risvik Henden, Seksjonsleiar, +47 92988224, Kim.Andre.Risvik.Henden@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4850442159
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Seksjon for eigedomsdrift Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | IT |
Yrke | Drift, vedlikehold |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |