Driftsoperatør VA – Vatn og avløp, Kvam herad

Carpenters Rørlegger

(2 days ago)

  • NORHEIMSUND
  •  Post Date: 25. September 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 25-09-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Driftsoperatør VA

Reint vatn kjem ikkje av seg sjølv. Det står ein teknologisk avansert bransje og mange dyktige medarbeidarar bak. No treng me deg med på laget! 

  • Grunna personell som går av med pensjon søkjer me etter driftsoperatør på vatn og avløp. 
  • Driftsoperatørane driftar og vedlikeheld kommunale anlegg. Dette krev mellom anna god teknisk forståing og digital kompetanse. Samstundes har operatørane mykje kontakt med abonnentane. Som tilsett hjå oss får du stor variasjon i arbeidet og utfordrande arbeidsoppgåver.

Vatn og avløps-avdelinga i Kvam herad består i dag av 6 driftsoperatørar, driftsleiar og ingeniør/prosjektleiar og har ansvaret for drift og vedlikehald av VA anlegga i heradet, samt prosjektering og byggeleiing av nye. Eininga skal sørga for å levera reint og trygt drikkevatn, samt sikra forsvarleg handtering av avløpsvatn.

Er du serviceinnstilt, sjølvstendig og har dei kvalifikasjonane me treng, så er du kanskje vår nye medarbeidar ved VA avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåvene vil vera knytt til drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga våre, blant
anna:

  • Bidra til effektivisering og nyskaping i vatn- og avløpstenester
  • Drikkevassproduksjon (kontroll, ettersyn og styring av vassbehandling/prosessanlegg)
  • Vassdistribusjon (pumpestasjonar og ledningsnett)
  • Nyare avløpsrenseanlegg (kontroll, ettersyn og styring av prosessanlegg) 
  • Avløpsnett (pumpestasjonar og ledningsnett)
  • Arbeid med utsjekk, feilsøking, kamerakøyring og dokumentasjon av ledningsnett og kart
  • Ved behov delta i ulike prosjekt i samband med bygging eller rehabilitering av tekniske installasjonar
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Teknisk kvalifikasjon, fagbrev som røyrleggjar, anleggsrøyrleggjar, mekanikar eller innan kjemi/prosess
  • Relevant erfaring og utdanning kan kompensere for manglande fagbrev
  • Førarkort, minimum klasse B, ynskjeleg med C
  • God digital kompetanse
  • God norskkunnskap

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Nyfiken og interessert i fagfeltet
  • Fleksibel og evne til å tileigna seg ny kunnskap
  • Tek ansvar, er påliteleg og arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Samarbeider godt med andre, også på tvers av fagfelt
  • Open for nye arbeidsmetodar i framtida

Vi tilbyr

  • Ein trygg og kjekk arbeidsplass med varierte, spanande og utfordrande oppgåver
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Arbeid både ute og inne
  • Løns-/og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

Kontaktinformasjon

Silje Hausberg Tjosaas, Driftsleiar VA, +47 414 40 562

Arbeidsstad

Haugamyrvegen 30
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4860817068
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vatn og avløp, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Håndverkere
Yrke Rørlegger
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Haugamyrvegen 30 Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2de2d4a1-7880-47a7-86c3-0473bc1e8937
IMPORTAPI