Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 15-12-2024
Driftsoperatør
Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med over 600 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling – truverd – arbeidsglede.
Vi satsar stort i Vindafjord. I løpet av dei siste åra har vi auka produksjonen ved settefiskanlegget vårt frå 150 til 3 000 tonn biomasse ved hjelp av grøn, framtidsretta teknologi. For å sikre at fisken har optimale forhold må vi ha kontroll og overvake drifta kvar einaste dag gjennom året.
Vi søkjer no etter ein motivert og dyktig driftsoperatør.
Verdiane våre er utvikling – truverd – arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver
Viktigaste ansvarsområde:
- fôring, stell og tilsyn med fisk
- produksjon- og kvalitetsoppfølging
- rapportering og journalføring
- reinhald og ettersjåing av utstyr
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar:
- erfaring og/eller fagbrev innan akvakultur
- gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- gode dataferdigheiter
Personlege eigenskapar
- evne til å arbeida sjølvstendig, samtidig som du er ein god lagspelar
- engasjert, strukturert og løysningsorientert
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- ryddig
- nysgjerrig, med interesse for å læra nye ting
- initiativrik
- praktisk anlagt
Vi tilbyr
- ei spennande og utfordrande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
- faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Ved spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Produksjonsleiar Marijann Belt Larsen på tlf: +4790065895
Kontaktinformasjon
Marijann Belt Larsen, Produksjonsleiar, +47 90065895
Arbeidsstad
Trovågvegen 28
5568 Vikebygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremnes Seashore
Referansenr.: 4892298030
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Seashore Land, Settefisk, Trovåg orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | |
Webside | http://www.seashore.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Vaktmester |
Sted | VIKEBYGD (Adresse: Trovågvegen 28 Postnr: 5568) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |