Driftsoperatør / arbeidar Vatn og avløp – Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn

Carpenters Rørlegger

(2 weeks ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 7. November 2024
  •  Expire date: 24. November 2024
Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Driftsoperatør / arbeidar Vatn og avløp

Verksemd Vatn og avløp i Ålesund kommune produserer og leverer reint vatn til folk og fjord. Vi tryggar framtida med å sikre folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen. Vatn i Ålesund har ansvar for vassbehandlingsanlegg, fleire renseanlegg, 110 mil rør og 125 pumpestasjonar i tillegg til at vi har ansvar for tilsyn, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi har eit stor fagmiljø med omlag 40 ingeniørar og 40 fagarbeidarar/arbeidarar i drifta. 

Vi treng fleire folk i driftsavdelinga og søkjer etter driftsoperatør / arbeidar.

I tillegg til utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskaper og at ein elles er skikka for stillinga. Kvinner vert oppfordra til å søkje. 

Arbeidsoppgåver

  • drift, vedlikehald og fornying av vatn – og avløpsnettet (avløpspumpestasjonar og tilhøyrande utstyr, slamavskillarar, overløp, leidningsbrot, lekkasjesøk, spyling, ventilar, kummar, hydrantar, trykktesting og sluttkontroll m.m.)
  • ajourhald av digitale kart – ledningsdata, avvik og endringar (Gemini)
  • delta i planlegging og gjennomføring av større og mindre VA-prosjekt 
  • deltaking i beredskapsvakt må påreknast dersom behovet oppstår.
  • andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • primært relevant fagbrev eller teknisk fagskule (anleggsrørleggar, automasjon, industrimekaniker, elektro, industrirørleggar).
  • personar utan formell kompetanse er også velkomne som søkjarar. Ein må då vere engasjert og innstilt på å lære alle aktuelle arbeidsoppgåver knytt til stillinga, og utvikle rett kompetanse gjennom arbeidsforholdet hjå oss.
  • ADK 1 sertifikat er ønskjeleg

Uansett om du er faglært eller ikkje er det eit krav at du har

  • gode norskkunnskapar – munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B, helst også BE, C1 og C

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som har vilje og evne til å 

  • ta initiativ, samarbeide og få arbeidet gjort på ein ryddig og strukturert måte
  • vere fleksibel og finne løysingar
  • arbeide i tråd med kvalitets- og HMS-prosedyrer
  • vere ein god medarbeidar som deler kompetansen sin og som bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøetta ansvar, a

Vi tilbyr

  • gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn.
  • bygge framtidas Ålesund og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet.
  • godt fagmiljø og gode muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning, relevante kurs og opplæring
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter lokal tariff

Kontaktinformasjon

Andreas Relling, Gruppeleiar, 476 53 381, andreas.relling@alesund.kommune.no
David Chris Mertsching, Avdelingsleiar, 916 17 862, David.Chris.Mertsching@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms g. 11
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4879318948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn orgnr: 932405903
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Håndverkere
Yrke Rørlegger
Sted ÅLESUND (Adresse: Keiser Wilhelms g. 11 Postnr: 6003)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7ecdff4b-1741-4561-8898-75b58d897aec
IMPORTAPI