Driftsleder – Byggtorget Martin Lid Trelast AS
Kontor og økonomi Ledelse, administrasjon og rådgivning(7 hours ago)
Job Description
Published 23-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Driftsleder
Driftsleder
Bli med på utviklinga mot framtidas byggevarehus i Noregs hyggelegaste byggevarekjede.
Byggtorget Martin Lid Trelast på Voss søkjer ein engasjert og handlekraftig driftsleiar som vil bidra til å styrkja vår posisjon i marknaden og vere med på utviklinga mot framtidas byggevarehus.
Me søkjer no ein offensiv og nytenkande driftsleiar som vert motivert av å skape resultat saman med kollegaer og medarbeidarar.
I Byggtorget Martin Lid Trelast er me lidenskapleg opptatt av å levera byggevarer og tenester av høg kvalitet til våre kundar. Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og dei gode kundeopplevingane.
Byggtorget sine motto “tettast på” og “Vårt hjarte hamrar for lokalmiljøet” er noko me prøver å arbeide mot kvar einaste dag.
Me kjenner vårt lokalmiljø og korleis ting fungerer. Me kjenner våre kundar og veit kva dei set pris på. Me strekk oss langt for å løyse kundane sine utfordringar. Me er eigde og drivne lokalt, har stolte tradisjonar og byggevarer i blodet og hjartet.
Byggtorget Martin Lid Trelast AS har i dag rundt 20 tilsette og omset for i overkant av 90 millionar i 2024. Butikken blei kåra til årets Byggtorgetforhandlar i Norge i 2023.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde
Som driftsleiar vil du ha ansvaret for å leie og forbetre våre sal- og marknadsaktivitetar for å møte kundens behov. Du bidrar til å optimalisere butikkdrifta for å sikre høg effektivitet, auka lønsemd og ein fyrsteklasses kundeoppleving. Sentralt i jobben som driftsleiar vil vere å utvikle og motivere våre medarbeidarar innan sal og rådgiving.
Andre sentrale arbeidsoppgåver:
● Overordna ansvar for butikkdrift og varelogistikk.
● Sørga for gode planar innan marknadsføring, medarbeidarutvikling og løpande forbetringsarbeid. Sikra at dette vert gjennomført.
● Sikra god systemdrift.
● Ansvar for budsjettplanlegging, kostnads- og resultatkontroll i butikken.
● HR/HMS-ansvarleg i bedrifta.
● Personalansvar. Leie og motivere medarbeidarar til å oppnå felles mål.
● Tett samarbeid med dagleg leiar og leiargruppa.
● Samarbeide med leiargruppa om strategiar på lang og kort sikt.
Kven ser me etter?
Me ser etter DEG som brenn for framtidsretta utvikling og dei gode kundeopplevingane. Du har leiarerfaring og kan vise til gode resultat frå tidlegare. Du har gode analytiske ferdigheiter og bruker salsdata til å finne lønnsame moglegheiter og optimalisere butikkdrifta. Du motiverer og utviklar teamet gjennom tydeleg leiing og godt samarbeid. Du likar å bygge relasjonar på tvers av nivå og skapar engasjement i ein hektisk kvardag.
Som person er du handlekraftig, profesjonell og tar planar vidare ned til praktisk gjennomføring.
Du når måla dine gjennom planmessig og målretta arbeid.
Kvalifikasjonar
● Høgare utdanning (særlig relevant erfaring kan kompensera for dette).
● Fleire års leiarerfaring, med gode resultat frå tidlegare.
● Fordel med erfaring innan handel.
● Gode datakunnskapar.
● Sans for system og kvalitet.
● God på kommunikasjon og kundebehandling.
Me kan tilby deg:
● Eit godt og uformelt arbeidsmiljø og kompetente arbeidskollegaer.
● Friheit og fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag.
● Konkurransedyktig løn og attraktive pensjonsordningar.
● Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
● Fagsamlingar og ulike sosiale arrangement
● Trygg og god arbeidsplass
Om bedrifta
Byggtorget Martin Lid Trelast AS er eit veletablert byggevarehus som har forhandla byggevarer, hus og hytter på Voss og i omegn i 65 år. Selskapet held til i eigne lokalar på Palmafossen og har i dag 20 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter. Me hjelper private og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggevarer.
Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og gode kundeopplevingar.
Selskapet er medlem av byggevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedene er medlemsbedrifter i Noregs største byggevarekonsern, Mestergruppen.
Byggtorget Martin Lid Trelast blei kåra til årets forhandlar i Norge og Region Vest i 2023.
Byggtorget – Tettast på
Byggtorget består av over 100 byggevarehus fordelt over heile landet. Me har eit breitt sortiment av varer og tenester, og hjelper deg med å skaffe det du treng for å løyse ditt prosjekt. Og me har alltid gode råd på lager — heilt gratis!
Me i Byggtorget er lokale. Me har lange tradisjonar og ekte lokal tilknyting og engasjement. Våre butikkar og me som jobbar her er forskjellige. Unike. Det er vår styrke. Me kjenner vårt lokalmiljø og korleis ting fungerer. Me kjenner våre kundar og veit kva dei set pris på. Og me strekk oss langt for å løyse deira utfordringar. Me er eigde og drivne lokalt, har stolte tradisjonar og byggevarer i blodet og hjartet.
Systemhus
Me bygger framtida er Systemhus sitt slagord, noko me føler seier mykje om våre verdiar. Nyskapning, inneklima og langsiktighet er framtida i vår bransje. Opplev i dag korleis du vil leve i morgon. Målet vårt er å lage litt betre og litt smartare heim for deg.
Me legg ned mykje tid i å utvikle nye idéar for å skape det mest funksjonelle heimen for våre kundar. Me ser alltid framover. Nye metodar og løysingar vert raskt implementert i våre velprøvde system og prosessar. Me ynskjer å bidra til utviklinga i bransjen.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Byggtorget Martin Lid Trelast AS orgnr: 971728221 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Byggtorget Martin Lid Trelast AS er eit veletablert byggevarehus som har forhandla byggevarer, hus og hytter på Voss og i omegn i 65 år. Selskapet held til i eigne lokalar på Palmafossen og har i dag 20 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter. Me hjelper private og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggevarer. Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og gode kundeopplevingar. Selskapet er medlem av byggevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedene er medlemsbedrifter i Noregs største byggevarekonsern, Mestergruppen. Byggtorget Martin Lid Trelast blei kåra til årets forhandlar i Norge og Region Vest i 2023. |
Webside | https://www.martinlid.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | VOSS (Adresse: Brynalii 140 Postnr: 5705) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |