Driftseiningsleiar – Felles eining for operativ tjeneste, Møre og Romsdal politidistrikt
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 days ago)
Job Description
Published 02-01-2025
Deadline: 16-01-2025
Driftseiningsleiar
Vi har ledig eit vikariat som leiar av Felles eining for operativ tjeneste (FOT) i Møre og Romsdal politidistrikt, tom. 31. desember 2025.
I stillinga som driftseiningsleiar for FOT får du eit overordna fag- og koordineringsansvar for politidistriktet si politioperative verksemd, herunder stabsleiing, øving og beredskap og operasjonssentral.
Den vi ser etter har høg integritet, evne til å vidareutvikle medarbeidarar og god gjennomføringsevne. Vi ser etter deg som set retning, skaper oppslutning om mål og som gjennomfører nødvendige endringar. Som leiar i politiet skal du oppnå resultat på alle område, i dagleg drift og ved kriser.
FOT består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Arbeidsstad er i Ålesund. Du må pårekne noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver:
- Vareta fagmyndigheitsrolla (metode, kvalitet, rettleiing, fagutvikling, tilsyn) innanfor ansvarsområdet
- Sørgje for høg kvalitet, effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing i tenesteproduksjonen
- Utvikle eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit
- Legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørge for systematiske forbetringar innanfor det politioperative arbeidet
Andre oppgåver:
- Innføre og vareta god fagleg dialog med geografiske og funksjonelle driftseiningar, og følgje opp deira samhandling med kommunar og andre lokale samfunnsaktørar innanfor ansvarsområdet
- Sørgje for effektiv bruk av teknologi som vil lette det daglege arbeidet og understøtte gode arbeidsprosessar
- Sørgje for effektiv og einskapleg kommunikasjon (felles bodskap) og oppfølging av aktuelle saker
- Bidra aktivt i leiargruppa, følgje opp leiargruppa sine avgjerder og setje i verk vedtekne endringar
- Budsjett-, resultat- og personalansvar i eiga funksjonelle eining
- Sørgje for at tilsette varetek vernet av informasjonen, materiellet og objekta til politidistriktet ved å erkjenne og etterleve gjeldande tryggingsinstruksar og -prosedyrar.
- Vere pådrivar for god tryggingskultur i politidistriktet
- Vareta og sørge for god samhandling med politidistriktet sine samvirkeaktørar, både internt og eksternt
- Overordna ansvar for at planverket til politidistriktet er oppdatert, harmonisert og operasjonalisert
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Politi(høg)skule eller anna relevant utdanning minimum på bachelornivå
- Minimum tre års leiarerfaring
- Brei politifagleg kompetanse
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven.
Ønskjeleg:
- Relevant leiarutdanning
- Erfaring frå å leie endrings- og utviklingsprosessar
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert og god beslutnings- og gjennomføringsevne
- Evne til å sette retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre.
- Godt heilskapleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid.
- God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
- Samfunnsorientert og har forståing av eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
- Medarbeidarorientert og har evne til å motivere og utvikle medarbeidarane
Som tilsett i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Midlertidig stilling som driftseiningsleiar med lønn som politiinspektør (stillingskode 0290), frå kr. 1 140 000 – kr. 1 200 000 brutto per år
- For stillinga som driftseiningsleiar gjeld særavtale for arbeidstakarar med uregulert arbeidstid
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Ingar Bøen, Politimeister, 70 11 87 00
Arbeidsstad
Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4895322237
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Felles eining for operativ tjeneste, Møre og Romsdal politidistrikt orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om politidistriktet Organisering av politidistriktet Dette er verdiane våre Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder Om offentleg søkarliste Har du hugsa dette? |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Nedre Strandgate 50 Postnr: 6005) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-01-2025 |