Driftsansvarleg Alver frivilligsentralar – 100% fast – Alver kommune
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(1 day ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Driftsansvarleg Alver frivilligsentralar – 100% fast
Om stillinga og avdelinga
Vi har ledig ei 100% fast stilling som driftsansvarleg ved Alver Frivilligsentralar. Kommunen har tre frivilligsentralar som ligg på Frekhaug, Manger og Knarvik. I denne stillinga vil du arbeide på tvers av dei tre frivilligsentralane som ein av tre driftsansvarlege.
Du vil arbeide breitt og variert under Alver Frivilligsentralar i tett samarbeid med dei andre tilsette.
Ein må rekne med noko arbeid på kveld og helg knytt til arrangement og oppfølging av frivilligheita.
Stillinga ligg under Kulturtenestene og fagavdeling Alver Frivilligsentralar.
Frivilligsentralane si oppgåve er å støtte og tilrettelegge for den lokale frivilligheita. Dette gjer ein ved å rettleie organisasjonar, enkeltståande frivillige, initiere nye prosjekt og bidra til å skape lokale møtestadar og aktivitet. Frivilligsentralane er også eit bindeledd inn mot offentlege etatar og tilrettelegg for samarbeid mellom desse og frivilligheita. Dei følgjer òg opp kommunale målsetjingar for frivilligheitsarbeidet.
Til frivilligsentralane i Alver ligg det også for tida eit stort integreringsarbeid med to stillingar knytt til Språkverkstad og inkluderingsarbeid opp mot frivilligheita.
Arbeidsoppgåver
I det daglege vil arbeidet bestå av å samhandle med lag, organisasjonar og enkeltståande frivillige, med mål om å skape aktivitet og møteplassar i lokalsamfunna i Alver. Du vil få ansvar for å følge opp prosjekt og tiltak som går over ulike tidshorisontar og som spenner vidt i tema. Det er forventa at du initierer til nye prosjekt basert på lokale forutsetningar.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere;
- Prosjekt- og utviklingsarbeid
- Samarbeid med frivilligheit og kommunale tenester
- Arrangementsplanlegging og utføring
- Marknadsføring og synleggjering
- Vidareutvikling av frivilligsentralane sine tiltak og aktivitetar
- Søknadsskriving og rapportering
- Arrangere mindre kurs og foredrag
Stillinga krev stort sjølvstende ved eige arbeid, men gjev også stor friheit til å påverke innhaldet i stillinga og nytte seg av personleg kunnskap og erfaring.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga;
- Relevant universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå eller høgare innan frivilligheit
- Relevant arbeidserfaring innan frivilligheit kan kompensere for manglande relevant utdanning
-
Førarkort klasse B
Me søkjer deg som …
- Har erfaring frå frivilligheitsarbeid, leiing og styreverv
- Har erfaring frå prosjektleiing, søknadsskriving og økonomioppfølging
- Har erfaring og kunnskap om integrering og inkluderingsarbeid.
- Har kjennskap og erfaring med marknadsføring og synleggjering
- Har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Har god kunnskap om digitale verktøy
- Har gode samhandlingsferdigheiter
- Har evne til å omstille seg raskt og er initiativrik
- Trivast med ein tidvis hektisk arbeidssituasjon
Personleg eignaheit vil vektast
Me tilbyr
- Utfordrande, meinigsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente kollegaer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn og tilsetjingvilkår etter lov- og avtaleverk
- Trygg og god arbeidsplass
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gjev oss privilegiet av ein variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. I Alver Kommune søkjer vi etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkomen og gje deg ei meiningsfull og gjevande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 26 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |