Drifts- og serviceteknikar – Kjøleteknisk – Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde

Carpenters Vaktmester

(1 week ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 11. November 2024
  •  Expire date: 27. November 2024
Job Description

Published 11-11-2024
Deadline: 27-11-2024

 

Drifts- og serviceteknikar – Kjøleteknisk

Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø? 
Då vil vi gjerne ha søknaden din til vår ledige stilling som drifts- og serviceteknikar! 

Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus søkjer Drifts- og serviceteknikar som skal tilsettast i stilling som kjøleteknisk ansvarleg. 

Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse. 

Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir  også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar. 

I komande år vil utvikling av drifta fortsetje med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Drifte kjøleanlegg i vår produksjon
  • Saman med avdelinga skal du planlegge gjennomføring av prosjekt og servicejobbar
  • Delta i konstruksjon og utvikling av kjøltekniske anlegg
  • Identifisere tekniske forbedringsmoglegheiter
  • Bruk av dataverktøy i arbeidsoppgåvene/dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse innan kjøleteknikk/kjølemontør
  • Erfaring med rørmontasje og igangkøyring av nye anlegg
  • Sjølvstendig feilsøking og reparasjon av kjølesystem
  • Grunnleggande datakunnskapar
  • Førerkort klasse B
  • F-gass sertifikat
  • Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert og omgjengeleg
  • God arbeidskapasitet – kunne ta et tak ved høve
  • Strukturert og målretta
  • Vere sjølvstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
  • Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Felksibel arbeidstidordning
  • Hjelp med bustad/husvære

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Terje Jan Nes, Avdelingssjef, 415 30 517
Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, 992 88 838

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4882987024
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8b0790eb-e667-4344-bddc-78d697a1bd44
IMPORTAPI