Job Description
Published 10-04-2025
Deadline: 05-05-2025
Dokumentforvalter
Er du utviklingsorientert og ønsker å vera med og styrke digitaliserings- og dokumentasjonsarbeidet vårt?
Vaksdal kommune har ledig ei spennande 100 % fast stilling som dokumentforvaltar.
Vi søkjer deg som har interesse for dokumentasjonsarbeid og digitalisering – og som ønskjer å vere med å vidareutvikle kommunen si dokumenthandtering i tråd med framtidas krav og moglegheiter.
Du vil bli ein del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige og hyggelege kollegaer.
Stillinga høyrer til dokumentsenteret, som er ein viktig ressurs i kommunen sitt digitaliserings- og innovasjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med andre fagmiljø både internt og regionalt gjennom etablerte nettverk.
Dokumentforvaltar har ein sentral rolle i dokumentsenteret som inneber spennande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert miljø. Vaksdal kommune samarbeider med andre kommunar om digitalisering og utvikling av dokumentforvaltning og bevaring.
Arbeidsoppgaver
- Registrering, journalføring og kvalitetssikring av saker og dokument
- Publisering av saker og dokument til offentleg journal
- Oppfølging av dokumentasjonsarbeidet i ulike fagområde
- Implementering og fornying av rutiner og system
- Opplæring, støtte og rådgjeving til leiarar og saksbehandlarar i organisasjonen
- Systemadministrasjon saman med systemansvarleg
- Delta i arbeid med dokumentasjonsplan og deponering av digitale arkiver
- Bidra til forbedring og effektivisering av oppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning innan dokumentforvaltning, forvaltningsinformatikk eller tilsvarande. Fagbrev i kontorfag, informasjon- eller dokumentforvaltning kombinert med relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode IKT- kunnskapar og systemforståing
- Kjennskap til lovverk for dokumentforvaltning og erfaring frå bruk av digitale sak- og arkivløysingar og elektronisk arkivdanning vil vera ein fordel
Personlege eigenskapar
Du er fagleg engasjert, nysgjerrig og framtidsretta, samtidig strukturert og nøyaktig for å sikre god kvalitet. Du kan jobbe både sjølvstendig og i team, er effektiv og har god gjennomføringsevne. Du kommuniserer og samarbeider godt internt og eksternt. Du er positiv og ønsker utvikling.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vaksdal kommune orgnr: 974597667 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
|
Webside | https://www.vaksdal.kommune.no/ |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Museum, bibliotek, arkiv |
Sted | DALEKVAM (Adresse: Konsul Jebsensgate 16 Postnr: 5722) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-05-2025 |