Divisjonsdirektør for karriererettleiing – Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Kontor og økonomi Ledelse, administrasjon og rådgivning(2 days ago)
Job Description
Published 16-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Divisjonsdirektør for karriererettleiing
Om stillinga og avdelinga
Har du erfaring frå strategisk leiing og digital tenesteutvikling? Vil du gjere ein forskjell for menneske som skal velje utdanning og karriere? Hos oss får du en sentral rolle i arbeidet med å utvikle politikk, verkemiddel og digitale tenester for gode utdannings- og karriereval.
Samfunnsoppdraget vårt er å gje heile befolkninga tilgang til utdanning, læring og karriererettleiing av høg kvalitet. Vi skal bidra til godt samsvar mellom tilbod og etterspurnad etter utdanning og kompetanse.
Vi støttar heile befolkninga med å ta gode og informerte val av utdanning og karriere. HK-dir har ansvar for kvalitetssikra og nøytral informasjon om utdanning og arbeidsliv til dei som gjer utdanningsval på ulike nivå, og for at karriererettleiing i offentleg regi held høg kvalitet. Vi formidlar digital informasjon om utdanning og arbeidsmarknad, og tilbyr gratis digital karriererettleiing til alle.
Dei digitale tenestene våre er i rask utvikling, og digitalisering og tenesteutvikling er viktige satsingsområde.
Som divisjonsdirektør Karriererettleiing får du ansvar for å:
- leie utviklinga av digitale produkt og tenester i eigen divisjon og bidra til utvikling av digitale løysingar i hele direktoratet
- vidareutvikle utdanning.no, som med 26 millionar sidevisningar og 7 millionar besøk er Norges største nettstad for informasjon om utdanningsval og mogelegheiter i utdanning og arbeidsmarknad
- leie utviklinga av den digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no
- bidra til høg kvalitet i norske karriererettleiingstenester, i grunnopplæring, høgare utdanning og fylkeskommunale karrieresenter, og forvalte det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing
- skaffe kunnskapsgrunnlag og gje råd til Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet om utviklinga av norsk politikk og verkemiddel på karriererettleiingsfeltet
Stillinga inngår i direktørens leiargruppe.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på mastergradsnivå, realkompetanse kan kompensere for delar av utdanningskravet
- erfaring frå strategisk leiing og endringsprosessar
- erfaring på strategisk nivå med digitalisering og digital tenesteutvikling
- erfaring frå arbeid knytt til utvikling og iverksetting av politikk i Norge
Du bør ha:
- solid leiarerfaring, gjerne frå offentleg forvalting eller kunnskapsorganisasjonar
- kunnskap om norsk utdanning og arbeidsmarknad
- kjennskap til karriererettleiing som fagområde og kompetansepolitisk verkemiddel
Vi søker ein visjonær leiar som evner å motivere og utvikle både menneske og tenester.
Du
- har evne til å samarbeide på tvers av sektorar og forvaltingsnivå
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god rolleforståing
- har gode leiareigenskapar
- er innovativ og utviklingsorientert
Hos oss får du:
- mogelegheita til å være ei drivkraft i utviklinga av karriererettleiing i Norge, og bidra til at utdanning og opplæring reduserer knappleik på kompetanse i arbeidslivet
- leie divisjonen med ca 65 tilsette, fordelt på tre avdelingar, og bidra til å utvikle direktoratet samla sett
- bidra til den strategiske satsinga til direktoratet på digitalisering og samanhengjande tenester
- en brei kontaktflate utover, mot ulike departement, direktorat og kommunal sektor
- løn etter avtale
- medlemskap i Statens pensjonskasse. Til dette blir det trekt 2 prosent av løna til lovfesta innskot
- arbeidsstad Tromsø eller Oslo
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse orgnr: 886339542 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft. Les meir om HK-dir her www.hkdir.no Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
|
Webside | https://www.hkdir.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | OSLO (Adresse: Karl Johans gate 7 Postnr: 0154) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |