Dirigent Orre skulekorps – Kulturskule, Klepp kommune
Kultur og kreative yrker Musikk/lyd, foto og video(21 hours ago)
Job Description
Published 24-09-2024
Deadline: 21-10-2024
Dirigent Orre skulekorps
Klepp kulturskule har ledig 24 % fast stilling som dirigent i Orre skulekorps.
Dirigenten er tilsett i Klepp kulturskule, og har sin arbeidsplass på Orre
skule, der korpset øver og har instruksjon. Korpset har eit egie korpsrom/øvingslokale kor alt står framme ( stoler og slagverkutstyr)
Orre skulekorps har brassbandbesetning og består av 15 musikantar i hovedkorpset og 4 aspiranter. I tillegg er det ein messinggruppe på 6 vaksne som saman med skulekorpset utgjør eit generasjonskorps.
Fast øvingsdag er per i dag torsdag.
Dirigenten vil få eit hovudansvar for å fortsetja den musikalske utviklinga av korpset i samsvar med årsplanen.
Korpset har positive vaksne og eit engasjert styre.
Dirigenten vil inngå i kulturskulens korps team.
Arbeidsoppgåver
- Dirigenten er korpset sin musikalske leiar, med ansvar for all musikalsk aktivitet.
- Dirigenten må følgja opp skulekorpset musikalsk, med m.a. rekruttering, konsertar og ha tett kontakt med lærarar og styre.
- Dirigenten skal, sørge for at korpset til ei kvar tid har eit godt repertoar i henhold til årsplanen.
- Det er ynskjeleg at dirigent er aktiv også i kulturskulen sitt personale, og er eit bindeledd mellom korps og kulturskule.
- Det er avgjerande at dirigenten kjenner til messing og slagverksinstrument, og har god partiturkjennskap.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Dirigenterfaring, og elles erfaring med skulekorps.
- Erfaring i å omarrangere/tilpasse stemmer til ulike nivå, for å gje alle meistring.
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har eit språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- God digital kompetanse.
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- Trygg, varm vaksenperson, som kan skapa gode relasjonar til alle, og er bevisst eigne haldningar og verdiar.
- Motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Bidreg positivt i personalet og korpset, med godt humør og faglege innspel.
- Samarbeider og kommuniserer godt med korpset sitt styre, instruktørar og kulturskulen.
- Vil vere med å utvikle faget, korpset og kulturskulen.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Ansettelse skjer forøvrig på dei vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og dei til en hver tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk
Kontaktinformasjon
Hans Willoch Bræin, Rektor, +47 99274473
Arbeidsstad
Solavegen 1
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4864445725
Stillingsprosent: 24%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 21.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kulturskule, Klepp kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Musikk/lyd, foto og video |
Sted | KLEPPE (Adresse: Solavegen 1 Postnr: 4351) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 21-10-2024 |