Dirigent i Lesja og Dovre kulturskole – Lesjaskog skulemusikk – Lesja og Dovre kulturskole
Kultur og kreative yrker Musikk/lyd, foto og video(3 days ago)
Job Description
Published 20-03-2025
Deadline: 10-04-2025
Dirigent i Lesja og Dovre kulturskole – Lesjaskog skulemusikk
Lesjaskog skulemusikk består av eit hovudkorps og ei gruppe aspirantar. Korpset har gjennom alle år vore ein viktig kulturaktør i bygda, og bidreg ofte under arrangement i lokalmiljøet samstundes som at dei arrangerer konsertar og turar sjølve. Undervisinga går føre seg på Lesjaskog skule.
Hva vi ser etter
Vi vil gjerne ha din søknad dersom du
· Har relevant musikkutdanning og har erfaring innanfor korpsverda.
· Har gode evner til å kommunisere med både elevar, føresette, korpsstyre og kollegaer.
· Er inneforstått med korpset og kulturskulen sine verdiar og haldningar.
· Liker å jobbe med barn, unge og vaksne, og brenn for å skape musikkglede.
· Har eit hjarte for korps og vil vere med å etablere eit godt miljø med trivsel og musikalsk utvikling.
Ønska kvalifikasjonar:
· Høgare kunstfagleg utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, tilpassa undervisningsoppgåvene for stillinga. Som minimum krevjast 3 års kunstfagleg utdanning. Krav om praktisk pedagogisk utdanning. Alternativt faglærarutdanning med minimum 120 studiepoeng kunstfag.
· Førarkort klasse B.
· Godkjent politiattest er eit krav for tilsetjing.
Personleg eignaheit vektleggast.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
· Dirigere og ha det musikalske ansvaret for Lesjaskog skulemusikk.
· Lære opp nye aspirantar i messing-, treblås- og slagverksinstrument.
· Vere med på styremøte, personalmøte, fagdagar og planleggingsdagar.
· Ta del på konsertar og førestillingar i korps- og kulturskuleregi.
· Planlegge godt og tilpasse undervisinga slik at alle kjenner på meistring og musikkglede.
· Kommunisere og samarbeide med styret i korpset, føresette og kulturskulen kontinuerleg gjennom skuleåret.
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg eit spennande arbeidsområde, med eit triveleg musikkmiljø, lønn etter avtale/tariff og køyregodtgjering. Elles gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Nærare opplysingar får du ved å kontakte Martine Haugen på tlf. 48 21 67 43 eller e-post: martine.haugen@dovre.kommune.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Lesja og Dovre kulturskole orgnr: 874562912 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal kulturskule med Dovre som vertskommune. Vi tilbyr undervising i kunst og musikk, samstundes som vi samarbeider med fleire lag og foreiningar rundt om i kommunane, blant anna Lesjaskog skulemusikk |
Webside | https://www.dovre.kommune.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Musikk/lyd, foto og video |
Sted | LESJASKOG (Adresse: xxx Postnr: 2668) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 10-04-2025 |