Digitaliseringskonsulent – Vaksdal kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(18 hours ago)
Job Description
Published 29-09-2024
Deadline: 13-10-2024
Digitaliseringskonsulent
Om stillinga
- Vaksdal kommune har oppretta ei ny spennande prosjektstilling som digitaliseringskonsulent i 100 % stilling, med moglegheit for fast tilsetting. Vaksdal er langt framme på velferdsteknologi og satsar stort på å bygga opp eit godt fagmiljø som kan driva digitaliseringa innan helsesektoren. Til hausten tar me i bruk eit nytt storslått omsorgsbygg med moderne teknologi. I tillegg har vi over lengre tid oppgradert eldre anlegg for digitalt tilsyn. Me har fleire spennande prosjekt på gang og ser etter nokon som kan driva digitaliseringa vidare.
- Som digitaliseringskonsulent vil du ha hovudansvaret for dei digitale løysingane innan helse og meistring. Ei av dei viktigaste oppgåvene vert å ta ansvar for innføring av elektronisk pasientjournal og oppfylging av velferdsteknologi. Du vil samarbeida tett med einingsleiar og kommunalsjef innan helse og meistring.
Arbeidsoppgaver
- Vera bindeledd mellom avdelingane innan helse og meistring og aktuelle eksterne samhandlingspartar som til dømes IKT Nordhordland, Digi Vestland og ulike leverandørar av digitale løysingar
- Bidra til digital kompetanseheving og kursing for medarbeidarar i institusjonane.
- Vera rådgjevar/prosessleiar/prosjektleiar i prosjekter knytt til digitalisering
- Systemansvarleg for ulike system, blant anna elektronisk pasientjournal og pasientvarslingsanlegg
- Administrasjon- og beredskapsansvarleg på teknologi i bruk i helse og omsorg
- Ansvar for personvernkonsekvensvurdering (DPIA)
I og med at dette er ei nyoppretta prosjektstilling kan det verta justering av arbeidsoppgåver og ansvarsområder.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorgrad eller relevant fagbrev
- Erfaring med prosjektleiing og implementering er ein fordel
- Interesse, engasjement og erfaring med eller bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgstjenesten.
- Kunnskap om personvern og informasjonstryggleik
- Erfaring frå helsesektoren er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har god samarbeidsevne og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Du er initiativrik og opptatt av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, kollegaer og organisasjonen
- Du evner å involvere, motivere og bygga tillit på alle nivå i organisasjonen
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du er strukturert og løysingsorientert
- Du kan arbeide sjølvstendig, er beslutningsdyktig og har handlekraft
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø
- Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering
- Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode
- Du vil bli ein del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige kollegaer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vaksdal kommune orgnr: 989882201 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
|
Webside | https://www.vaksdal.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | DALEKVAM (Adresse: Konsul Jebsensgate 16 Postnr: 5722) |
Stillingstype | Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-10-2024 |