Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Programmerar – Framtidsfylket AS
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 days ago)
Job Description
Published 16-12-2024
Deadline: 01-03-2025
Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Programmerar
Kven er du?
Du har bachelor, master eller fagskuleutdanning innan IT med 0 – 3 års arbeidserfaring etter studiar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Me vil ha med oss folk som kan noko – og vil noko! Me jobbar mest med React i frontend og Java i backend, og det er derfor ein fordel om du har erfaring med det.Krav til norskkunnskap: B1
Som trainee i Digdir får du:
- Løn i spennet kr 500 000 – kr 620 000 etter kvalifikasjonar
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving innanfor eit av Noregs mest spennande kompetansemiljø
- Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman med dedikerte kollegaar
- Treningsrom og høve til trening i arbeidstida
- Arbeidsstad i våre lokale på Leikanger
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- Fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
Kvifor Digdir?
I traineestillinga får du sjansen til å kombinere faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid. Det gir deg fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen! Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.
Framtidsfylket traineeprogram
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland. Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Framtidsfylket AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland. Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin! Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert. Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål. Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter! Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting. Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt. Les meir på Framtidsfylket.no |
Webside | https://www.framtidsfylket.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | LEIKANGER (Adresse: Skrivarvegen 2 Postnr: 6863) |
Stillingstype | Trainee Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-03-2025 |