Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 28-01-2025

 

Deltidsstilling som tilsett veterinær og deltaking i vaktordning

Om stillinga:

Ønskjer du jobb i vakre omgjevnader med fjell, skog og gode turmoglegheiter? Då er dette plassen for deg. Osterøy ligg sentralt like utanfor Bergen (25 minutt frå Bergen sentrum). Vi har både ferje over til Åsane og bru over til Arna. Det er ein aktiv landbrukskommune med kyr, sau, hest og noko gris.

Osterøy kommune har tre veterinærar i stordyrpraksis. Ein av veterinærane skal slutte, og vi ser etter nokon som kan møte behova til bøndene våre og delta i vaktordninga.

På kvardagar omfattar arbeidsområdet Osterøy kommune. På kveld, natt og helg har kommunane Osterøy og Bergen nord (Arna og Åsane). Distriktet er relativt lettkøyrd, og med stort sett korte avstandar. Sidan det er tre veterinærar tilgjengeleg på dagtid, er det rom for å drive med smådyr i tillegg til produksjonsdyr.

Vi køyrer no tredelt vakt (Osterøy, Arna og Åsane). Vi er tre veterinærar som betener ei firedelt vakt. Etter avtale med kommunen vert veterinærane kompensert med 100 % tillegg for kvar fjerde vakt.

Vi har eit sett med utstyr som kan lånast ved behov. Påsitterpraksis i samband med oppstart er mogeleg. Kommunen kan hjelpe med å finne bustad i ei oppstartsfase (leilegheit).

Forventa inntening (brutto)

  • Fastløn; 280.000-320.000 etter kvalifikasjonar og avtale om tilsetjing
  • Deltaking i vaktordning; 300.000-350.000
  • Næringsinntekt; 250.000

Oppgjeve beløp er eit erfaringsbasert anslag og vil kunne variere. 

Det har i periodar vore noko redusert oppdragstilfang siste år. Det vil difor vere ein fordel om den som vert tilsett har interesse for å drive med smådyr i tillegg til produksjonsdyr. I staden for fastløn/tilsettingsavtale, kan det vere aktuelt for kommunen å yte driftstilskot til veterinæren som tek på seg å delta i vaktordninga for produksjonsdyr.

Krav til søkar:

  • Krav om norsk veterinærautorisasjon
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær
  • Førarkort klasse B
  • Bestått insemineringskurs
  • Disponere eigen bil
  • Ante mortem-kurs (nødslakterkurs)

Ta kontakt for meir informasjon:

Tore Johan Erstad, Leiar Teknisk forvaltning og plan, tlf. 402 86 556
Ida Nøst, kommuneveterinær, tlf. 465 06 938
Bjørn Hallan, kommuneveterinær, tlf. 454 35 650

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Natur og miljø
Yrke Veterinærer og dyrepleiere
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2bc00b02-60d3-4693-b31f-c47146536cdf
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/273003