Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 16-12-2024
Danselærar
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig 28 % vikariat som kulturskulelærar frå 01.01.2025 – 15.06.2025
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning i dans for born og unge
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka “Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Kvalifikasjonskrav
- Pedagogisk og dansefagleg høgare utdanning, men andre kvalifikasjonar kan og vurderast
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Erfaring:
- Erfaring frå danseundervisning med born og unge er ynskjeleg
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer ein kreativ, sjølvstendig og fleksibel person
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Austevoll kommune orgnr: 976973860 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune! |
Webside | https://www.austevoll.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 2 Postnr: 5392) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-12-2024 |