Dagleg leiar i Brattvåg barnehage – Brattvåg Barnehage Sa

Education Barnehage- og skolefritidsassistenter

(6 hours ago)

  • BRATTVÅG
  •  Post Date: 22. October 2024
  •  Expire date: 22. November 2024
Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 22-11-2024

 

Dagleg leiar i Brattvåg barnehage

Vil du vere den nye daglege leiaren i flotte Brattvåg Barnehage SA?

Vi søkjer etter ny dagleg leiar i 100% stilling ved Brattvåg Barnehage SA. Vi ynskjer ein engasjert leiar som er klar for å vere med på å vidareutvikle vår visjon <>. Som dagleg leiar vil du ha det overordna ansvaret for den pedagogiske og administrative drifta av barnehagen, samt personalansvar. Personlege eiganskapar vil verte vektlagt, saman med andre kvalifikasjonar.

Brattvåg Barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage, med eit eigarstyre som bestend av eit utval foreldre. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med gode moglegheiter for eit undrande, friskt og rikt pedagogisk opplegg.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og drift av barnehagen i samsvar med gjeldande lovverk og forskrifter.
  • Sikre pedagogisk kvalitet i tråd med gjeldande rammeplan
  • Strategisk leiing og utvikling av barnehagen
  • Personalansvar med fokus på kompetanseheving og eit helsefremmande arbeidsmiljø
  • Økonomi og administrasjon
  • Tverrfagleg samarbeid med eksterne samarbeidspartnere
  • Nært samarbeid med eigarstyret i barnehagen

Kvalifikasjonar

Vi ser etter nokon som:

  • Har barnehagelærerutdanning eller annen høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Gjerne har erfaring med ledelse i barnehage.
  • Gjerne har styrarutdanning
  • Har norskferdigheter jamfør barnehageloven §28.
  • Har økonomisk forståing og erfaring med budsjettarbeid.
  • Er oppteken av å utvikle sine leiarferdigheiter og har eit bevisst forhold til si rolle som leiar.
  • Politiattest må fremlegges ved tilsetting

Personlege eigenskapar:

  • Er ein engasjert leiar som kan motivere sine medarbeidarar og skape ein trygg og god kvardag.
  • Har evna til god kommunikasjon og godt samarbeid både med born, kolleger og føresette.
  • Ser verdien av å vere i kontinuerlig utvikling og skape kvalitet i barnehagen sitt pedagogiske arbeid.
  • Har struktur i arbeidet og kan ta beslutningar, med ei evne til å handtere komplekse problemstillingar på ein fleksibel og løysingsorientert måte.
  • Trivst med å arbeide og vere saman med born.

Vi tilbyr

  • Ei leiarstilling der ein har stor grad av innflytelse og rom for personleg utvikling
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med flotte og engasjerte ansette
  • Varierte arbeidsoppgaver
  • Lønn i henhold til hovedtariffavtalen, barnehagen er medlem av PBL
  • Gode pensjons og forsikringsordninger

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Brattvåg Barnehage Sa orgnr: 972290807
Kort om arbeidsgiver

Om Brattvåg barnehage SA

Brattvåg Barnehage SA vart opna i 1991, og er ein verdsett barnehage i Brattvåg. Barnehagen har eit godt fellesskap, med eit mål om at alle skal kjenne seg inkluderte og ivaretekne. Vi har eit fokus på vaksne sitt nærver, og at både born og føresette skal kjenne at det er ein trygg og god stad å vere. Det pedagogiske arbeidet har temaarbeid som metode, med eit felles fokus for heile barnehagen, samtidig som det er rom for fleksibilitet og valfridom innanfor rammene som er sett. Barnehagen legg stor vekt på å bruke naturen, naturen som ein god plass for leik og motorisk, sosial og kognitiv utvikling.

Barnehagen har pr i dag 60 barn fordelt på fem barnegrupper, og 16,5 årsverk personal.

Opningstidene til barnehagen er frå kl.07.00 – 16.30.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted BRATTVÅG (Adresse: Fjellbu 2 Postnr: 6270)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 22-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3197a8bf-2f5c-4d47-b9c7-c8c42bb7e1de
Stillingsregistrering