Dagleg leiar frivilligsentralen, 100% fast stilling   – Gulen kommune

Kontor og økonomi Megling

(20 hours ago)

  • EIVINDVIK
  •  Post Date: 29. September 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 29-09-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Dagleg leiar frivilligsentralen, 100% fast stilling  

Om stillinga 

Gulen frivilligsentral er organisert under eining Kultur og mangfald, og har ledig 100% fast stilling som dagleg leiar for frivilligsentralen frå snarast/etter avtale. Dagleg leiar får ei sentral oppgåve i å vidareføre arbeidet til Gulen frivilligsentral. Gulen frivilligsentral ynskjer å bidra i samordninga av det frivillige arbeidet i kommunen. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å utvikle eit levande lokalmiljø kor folk møtast og tek medansvar i oppgåver som lokalsamfunnet treng løyse. Me ser etter ein person som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet

Me tilbyr 

  • Ei fast stilling ein kan vere med å forme og utvikle 
  • Løn etter avtale. Stillinga vert innplassert i kode: leder/fagleder (7451) i kapittel 4 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver 

  • Ansvarleg for drifta av frivilligsentralen 
  • Inspirere til og koordinere frivillig innsats i lokalmiljøet 
  • Vere bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor 
  • Arbeide for å ha oppdatert oversikt over kva innbyggjarane i Gulen kommune treng av tilbod og ordningar som kan organiserast som frivillig innsats 
  • Samarbeide med kommunale avdelingar som leverer tenester til innbyggjarar i alle aldrar, som til dømes; barnehage, skule, kultur, helse og omsorg, integreringstenesta m.m. 
  • Arbeid med MOT 
  • Rettleie og hjelpe lag og organisasjonar i planlegging og organisering av aktivitetar 
  • Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege og/eller private aktørar 
  • Informere og marknadsføre tilbod i frivilligsentralen/kommunen i ulike forum 
  • Ansvar for å vidareutvikle BUA 
  • Vidareutvikle kommunen sin frivilligpolitikk/samarbeid med frivilligråd 
  • Delta i aktuelle nettverk og følgje opp eksisterande prosjekt og arbeid 
  • Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan kultur- og idrettsfag, samfunnsfag, folkehelsevitskap eller tilsvarande. 
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet 
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen 
  • Vere systematisk og god til å organisere 
  • Vere flink med folk og ha god kommunikasjon med menneske i alle aldrar 
  • Snakke og skrive godt norsk 
  • Ha god brukarkompetanse på data 
  • Kunne setje deg inn i reglar og prosedyrar for ulike tilskotsordningar, skrive søknadar og rettleie andre i å søkje 
  • Krav om gyldig politiattest 
  • Ha førarkort klasse B 
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Personlege eigenskapar 

Me ser etter deg som: 

  • Brenn ekstra for frivillig arbeid og ser verdien dette har i lokalsamfunnet 
  • Møter andre på ein respektfull og open måte 
  • Er serviceinnstilt, engasjert, kreativ og løysingsorientert 
  • Er samarbeidsorientert, initiativrik og sjølvstendig 
  • Har positiv tilnærming til arbeidsoppgåvene

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Noko helg- og kveldarbeid på reknast med

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Megling
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7d844dd9-e2b6-4542-b72e-198a3d52c875
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268573