Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Dagleg leiar / forskingsfagleg leiar
Spennande leiarstilling i vakre omgjevnader
Er du ein ambisiøs, engasjerande, sosial og fagleg sterk person?
Har du solid kompetanse og relevant arbeidserfaring innanfor maritime fagområde?
Vi søkjer ein erfaren forskar innan fagområde relevant for Runde Forsking AS. Har du ambisjonar om å utvikle eit spanande forskingsmiljø som er midt i eit unikt marint økosystem og stort og variert marint næringsliv. Det betyr at du har solid vitskapeleg erfaring, også som prosjektleiar. Du er samfunnsorientert og brenn for å finne nye løysingar på samfunnsutfordringar knytt til hav og kystøkologi. Du må ha kunnskapar og erfaring i leiing av personell i eit kompetansemiljø.
Som leiar for Runde Forsking AS vil du:
- arbeide med klima- og miljøspørsmål knytt til berekraftig forvalting av marint areal og marine ressursar.
- bidra i samarbeidsprosjekt med ulike institusjonar og vere med på å arbeide fram nye forskingsprosjekt og oppdrag.
- pleie og utvide eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar innanfor marin forsking, utdanning og næringsliv i Noreg og internasjonalt.
- utarbeide faglege rapportar, notat og høyringsinnspel.
- initiere fagseminar og andre arrangement.
- representere selskapet eksternt på møter, konferansar og i arbeidsgrupper.
- bli ein ressursperson og drivkraft i lokalmiljøet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar vi ser etter
Ønskte kvalifikasjonar
- PhD, eller tilsvarande innan relevant fagfelt
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring frå prosjekt og personal-leiing
- Samarbeid og søknadsprosessar
- God kjennskap til verkemiddelapparatet i Noreg og Europa
Personlege eigenskapar
- Engasjert og motiverande formidlar av fag og strategiar
- Innovativ og kreativ
- Fagleg sterk. Sosial og utettervend
- Evne til å arbeidesjølvstendig, analytisk og målretta
- Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Gode formuleringsevner og tydeleg og open i kommunikasjonen
Kvifor jobbe hos oss?
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver.
- arbeidsstad på vakre Runde saman med dyktige og engasjerte kollegaar.
- fleksibel arbeidstid: fleksitid med kjernetid mellom kl. 9 og 15, av og til behov for lengre dagar i samband med feltarbeid m.m. Heimekontor kan nyttast i kortare periodar.
- mogelegheit for å vere med å utvikle verksemda i tråd med selskapet sin strategi.
- løn etter avtale.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte:
- Styreleiar Rune Garen på e-post: garenrune@gmail.com eller tlf. 91 75 22 76
- Nestleiar Sissel Rogne på e-post: sissel.rogne@hi.no eller tlf. 90 73 21 23
Søknadsfrist: 15. desember 2024 | Søknad sendes til Nils-Roar Hareide på e-post: nilsroar@runde.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Runde Forsking AS orgnr: 925658782 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Runde Forsking er ein frittståande forskings- og feltstasjon på øya Runde. Vi er en del av Runde Miljøsenter som også omfattast eit besøks- og formidlingssenter, som blir drifta av Opplev Runde. Saman utgjer vi eit kreativt forskings- og formidlingsmiljø. Øya Runde er ein unik lokasjon med tanke på naturmangfald, mellom fjordane og ope hav, med Norges sørlegaste fuglefjell og diverse marine habitat i nærområdet. Der er kort veg til Fosnavåg, og grei avstand til Volda, Ørsta og Ålesund. Runde Forsking utfører marin forsking, kartlegging og miljøovervaking som bidreg til å bygge opp kunnskapsgrunnlaget for berekraftig forvalting, og gjennomføre tiltak mot marin forsøpling. Vi har eit stort og nært samarbeid med dei største nasjonale forskingsinstitusjonane innan feltet, god kontakt med regionalt og nasjonalt næringsliv og internasjonale forskingsinstitusjonar. |
Webside | https://www.rundeforsking.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Megling |
Sted | RUNDE (Adresse: Rundavegen 237 Postnr: 6096) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |