Job Description

Published 13-03-2025
Deadline: 31-03-2025

COO Prix Sjøholt søkjer butikkmedarbeider

Vi har ledig stilling med ein stillingsgrad på 60%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar.  Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. 

Arbeidsoppgåver

  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding

Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef 

Søknad og CV registrerast digitalt.

Søknadsfrist: 31.03.25

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Coop Nordvest SA orgnr: 973171429
Kort om arbeidsgiver Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 184 500 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Webside
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted ØRSKOG (Adresse: Postnr: 6240)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/24b150ce-ce16-48a2-aabb-aeb7ae8a64cf
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31