Bygg sterke relasjonar og styr eigen suksess som næringsseljar hos Bilhuset Førde! – Bilhuset Førde AS
Salg og service Salg, butikk- og varehandel(3 weeks ago)
Job Description
Published 06-04-2025
Deadline: Snarest
Bygg sterke relasjonar og styr eigen suksess som næringsseljar hos Bilhuset Førde!
Vil du jobbe med sterke merkevarer, bygge tillit hos næringskundar – og ha ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell?
Bilhuset Førde er inne i ei spanande utvikling, og vi søkjer no ein tøff og ambisiøs næringsseljar som vil vere med å ta oss til neste nivå. Hos oss får du ikkje berre selje bilar – du blir ein rådgjevar og samarbeidspartnar for bedrifter i heile regionen.
Med Mercedes-Benz, Peugeot og no også KIA i porteføljen, får du jobbe med tre sterke varebilmerke som dekkjer eit stort og vekstklart marknadsområde: Mercedes i heile Sogn og Fjordane, Peugeot og KIA i Sunnfjord. I 2024 selde vi 433 bilar – men vi har kapasitet til langt meir. No treng vi deg som vil vere med og hente ut det fulle potensialet.
Korleis vil kvardagen din sjå ut hos oss?
Som næringsseljar vil du vere ein synleg og aktiv aktør i bedriftsmarknaden. Du jobbar sjølvstendig, men i tett samarbeid med resten av salsteamet vårt. Du må trivast med eit høgt aktivitetsnivå og like å jakte eigne moglegheiter – både via telefon og gjennom fysiske kundemøte.
Dine arbeidsoppgåver vil inkludere:
- Aktivt og oppsøkande sal mot næringskundar
- Innhenting av leads og oppfølging av potensielle kundar på telefon og møte
- Sal og rådgjeving innan varebilsegmentet for både KIA, Peugeot og Mercedes-Benz
- Kartlegging av kundebehov og skreddarsying av løysingar
- Salgsprosess frå A til Å – inkludert finansiering, leasing og leveranse
- Utvikling og vedlikehald av relasjonar med næringslivskundar
- Deltaking på salgsaktivitetar og bedriftsarrangement
Kva kan vi tilby deg?
- Ein spennande og variert arbeidskvardag
- Gode moglegheiter for utvikling i ein etablert og framtidsretta bilforhandlar
- Opplæring og sertifisering gjennom våre importørar og samarbeidspartnarar
- Konkurransedyktige vilkår med fastlønn og provisjon
- Moglegheit for firmabil
- Moderne lokale og eit positivt, engasjert arbeidsmiljø
Vi er på jakt etter personar som:
- Har førarkort klasse B
- Har sterk indre motivasjon og drivkraft
- Er komfortabel med å ringe kundar og ta initiativ
- Evnar å planleggje, strukturere og gjennomføre eigne aktivitetar
- Har god formidlingsevne og er god til å bygge relasjonar
- Er uthaldande og taklar motgang på ein god måte
- Har ein sjølvdriven arbeidsstil og evna til å sjå eigne moglegheiter
- Har evne til å leie kundar gjennom heile salgsprosessen
- Har interesse for bil og ønskjer å utvikle seg i bransjen
Du treng ikkje spesifikk utdanning – det viktigaste er at du har rett innstilling og eventuelt erfaring frå liknande arbeid.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk hos oss i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!
Om Bilhuset Førde
Bilhuset Førde er ein autorisert forhandlar av Mercedes Benz, KIA og Peugeot. Vi held til i oppgraderte og moderne lokaler både i butikken og på verksted, på Øyrane 6 i Førde.
I 2024 selde vi 433 nye og brukte bilar, derav 63 varebilar frå Mercedes og Peugeot, med ein omsetnad på 231 millionar kroner. Tidlegare toppår har vist at vi har stort vekstpotensial i regionen – med både 600 bilar i 2021 og 316 millionar i omsetning i 2022.
Vi opna ny butikk i 2021 med god plass til bilar av både nye og brukte. Med eigen bruktbilhall er det kjekt å ta turen innom oss for å sjå på kva vi kan tilby. Har ikkje vi den riktige bilen for deg, da skaffer vi den. Vi kan og tilby deg lånekontor, så medan bilen er på service kan du ha teamsmøte eller sitte i fred og jobbe medan du ventar.
Bilhuset Førde er eigd av Bilholding & ANI Gruppen. Vi er medlem av Norges Bilbransjeforbund. Vår importør Bertel O. Steen stiller høge krav til kvalitet og kompetanse, og alle våre tilsette får jamnleg opplæring og sertifisering.
DIVERSE INFO