Bustadkoordinator / ergoterapeut – Giske kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(15 hours ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 21-11-2024
Bustadkoordinator / ergoterapeut
Er du innovativ og løysingsorientert og likar å jobbe med samhandling? Då kan du vere den vi ser etter!
Giske kommune søker etter bustadkoordinator og ergoterapeut i 50/50-stilling med oppstart 01.01.25. I denne stillinga vil du få ein spennande arbeidskvardag delt mellom kvardagsrehabiliteringsteamet i fysio-/ ergoterapitenesten og bustadsosialt arbeid i eining for samhandling og koordinering.
Dersom du skulle vere interessert i berre del av stillinga, ber vi om at du opplyser dette i søknaden.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
Bustadkoordinator
- Bustadsosialt arbeid
-Forvaltning av kommunale gjennomgangsbustader ——Leie bustadsosialt team
-Behandle søknader om kommunal gjennomgangsbustad
-Koordinere arbeid med individuelt tilpassa bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden
- Innføring av Kobo (digital teneste for bustadsosialt arbeid)
- Startlån/tilretteleggingstilskot
Bustadkoordinatordelen av stillinga er nyoppretta, og oppgåvene vil derfor vere dynamiske og i utvikling.
Ergoterapeut
- Kartlegging og individuell behandling
- Oppfølging i grupper
- Rettleiing av brukarar, pårørande og anna personell
- Tverrfaglig samarbeid i team og med andre yrkesgrupper
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant høgskule- og/eller universitetsutdanning
- 50 % av stillinga krev autorisasjon som ergoterapeut
- God digital kompetanse
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kunnskap om relevant lovverk
- Må ha førarkort klasse B
Du må ha interesse for å jobbe med gode digitale løysingar som kan vere med på å utvikle tenestene våre. Det er ein fordel med erfaring frå saksbehandling.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Stor arbeidskapasitet
- God relasjonskompetanse
- Gode samarbeidsevner
- Sjå samanheng og heilskap
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og kollegaer med god kompetanse og erfaring
- Godt tverrfagleg samarbeid i ein utviklingsorientert kommune
- Fleksitidordning
- Løn og tilsetting på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Gitte Myklebust, Avdelingsleiar fysio-/ergotenesten, +47 95990838
Merethe Kristin Våge, Stabsleiar samhandling og koordinering, +47 90080293
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4882052005
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Giske kommune orgnr: 983836836 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
|
Webside | http://www.giske.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-11-2024 |