Bustadkonsulent – 100 % fast – Bjørnafjorden kommune Avdeling for forvaltning og koordinering
Health and social care Miljøarbeidere(2 weeks ago)
Job Description
Published 10-10-2024
Deadline: 28-10-2024
Bustadkonsulent – 100 % fast
Bustadkontoret er ei avdeling som består av 3 årsverk der det no er ei ledig 100 % fast stilling som bustandkonsulent. Vi søkjer ein initiativrik person med eit stort bustadsosialt engasjement, og som ønskjer å vere med å utvikle bustadkontoret vårt. Vi håper du finn stillinga interessant, og at du vil bli kollegaen vår!
Arbeidsstad
Rådhuset, Os
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming søknadar om kommunal bustad
- Delta i tverrfagleg bustadgruppe
- Forvaltning og oppfølging av portefølje av leigeforhold i kommunale bustader, inkludert prosessar ved inn- og utflytting
- Vere kontaktperson for leigetakarar, naboar og andre interessentar
- Ha hovudansvar for fagsystemet KOBO, samt bidra med oppgåveløysing i andre fagsystem
- Tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommunen, og med eksterne samarbeidspartnarar og leverandørar
- Andre arbeidsoppgåver som naturleg høyrer til fagområdet, for eksempel prosjektarbeid og praktisk arbeid i bustadene
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskulenivå
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Må kunne beherske ulike digitale plattformar
- God munnleg og skrifteg framstillingsevne
- Fordel med kjennskap til juridiske evner innen husleigerett
- Førekort klasse B – bør og kunne køyra med hengar
Personlege eigenskapar
Vi søkjar deg med høg grad av evne til sjølvstendig arbeid. Du er trygg, stabil, nøyaktig og strukturert, og ikkje minst raus med kollegaer og brukarar. Vi ønskjar at du bidreg til eit godt miljø, og byggjer relasjon i både ord og handlingar. Det er supert om du er praktisk innretta og ser løysingar og ikkje problem, gjerne saman med brukarane. At du er blid og hyggeleg tek vi som sjølvsagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Kjekke sosiale treffpunkt og supre kollegaer
- Ingen like dagar, men der vi vekslar mellom kontorarbeid og praktiske oppgåver i bustader
- Moglegheiter for heimekontor/fleksitid
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO