Job Description

Published 03-12-2024
Deadline: 15-12-2025

 

Bu- og avlastningstenesta søker etter

Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste har ansvar for å følgje opp fleire barn og unge, og treng no fleire tilsette. 

På avlastinga er det barn og unge med ulike hjelpebehov. Ein del av barna har somatiske utfordringar medan andre har utfordringar knytt til åtferd. 

Arbeidsoppgåvene varierer med den enkelte sitt funksjonsnivå, og behov for bistand. Vi hjelper til med aktivitetar, rettleiing og elles det som følger med i ein heim. For ungdomane hjelper vi til med rettleiing og butrening i høve det å verte sjølvstendige. 

Vi gir tenester heile døgnet, for å støtte og avlaste foreldre som har krevjande omsorgsoppgåver. Rundt dei yngste barna, organiserer vi avlastning i heimen 

Hovudsakleg må ein rekne med å jobbe i ein tredelt turnus med arbeid minimum 3. kvar helg. Dersom du ønsker langvakter laurdag og søndag (inntil 12,5 t) 4. kvar helg er dette mogeleg. 

Vi samarbeider tett med skule og barnehage, og har oppfølging av fleire barn på dagtid.

 

Vi har ledig: 

  • 80 % fast stilling som miljøarbeidar
  • 100 % mellombels stilling som miljøarbeidar

Eininga har fått nye oppdrag og tal stillingar kan bli endra ut frå kartlegging av behov i eininga. 

Arbeidsoppgåver:

  • bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvart enkelt barn/ungdom 
  • tett samarbeid med foreldre, barnehagar, skular og spesialisthelsetenesta 
  • delar av stillinga er i heimen til dei yngste barna 

krav til søkar: 

  • til stillingane er det krav om fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Til den mellombelse stillinga kan andre med interesse og erfaring frå fagfeltet søke
  • meistre godt norsk munnleg og skriftleg 
  • førarkort kl. B 
  • politiattest må leggast fram før ein tek til i stilling 

Vi søker deg som:  

  • er ein trygg og tydeleg vaksen person, som set grenser på ein omsorgsfull måte 
  • trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring 
  • er løysingsorientert og sjølvstendig 
  • er i stand til å ta i mot rettleiing frå leiar og ansvarshavande 
  • er god på tverrfagleg samarbeid – her må ein gje og ta 
  • vil bidra positivt til eit fagleg og godt miljø 

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi kan tilby: 

  • høgt fagleg nivå, med rettleiing frå spesialisthelsetenesta ved behov 
  • stor breidde i faglege utfordringar 
  • ein travel arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb 
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning 
  • gode høve for kompetanseheving 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted FØRDE (Adresse: Hafstadvegen 42 Postnr: 6809)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eef2b89d-4918-4bf5-9ac3-2565496e9d8e
IMPORTAPI