Bu- og avlastingstenesta søkjer etter ferievikarar – Osterøy kommune
Education SFO, barne- og fritidsleder(10 måneder ago)
Job Description
Published 29-01-2024
Deadline: Unknown
Bu- og avlastingstenesta søkjer etter ferievikarar
Om stillinga
Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommerdagane gode for brukarane våre.
Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.
Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til personar i alle aldre med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Eininga består av 5 bufelleskap, 5 bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Arbeidsstadane i eininga har ulike turnusar: nokon stader har dei kortvakter på dag og kveld, og/eller langvakter (inntil 14 timar), stundom kombinert med nattevakter, og nokon stader arbeider dei 2-3 døgnvakter med påfølgande 7 dagar fri. For alle stillingane vil det vere turnusarbeid med arbeid inntil kvar.2 helg i perioden.
Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. Det vil bli laget turnusar med arbeid inntil 100% i perioden ein kan jobbe. Det vil også vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat.
Som ferievikar hos oss får du rekrutteringstillegg
- Kompensasjon kr. 8000.- for 4 veker samanhengande arbeid i 80-100% stilling for perioden frå veke 28-32 (8.Juli tom 11.August)
- Ytterlegare kompensasjon kr. 2000.- for en 5. arbeidsuke i perioden frå veke 26-33. Den 5. uken kan vere frittstående.
- Kompensasjon vert utbetalt etter at tenesta er utført, og gjeld for heile sektor Helse, omsorg og sosial i Osterøy kommune.
Vi tilbyr også
- Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!
- Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø
- Ferievikarkurs over 2 dagar med introduksjon til fagfeltet, innhold med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andres heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv.
- Kommunen tilbyr eit nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som treng dette på den plassen dei vert tilsett og ikkje har eit slikt kurs frå før. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga.
- Du vil få intern opplæring på arbeidsstaden.
- Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.
- Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
- Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
- Bidra til at brukar opplever å vere sjefen over sine dagar.
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
- Delta i legemiddelhandtering ved behov.
- Journalføring og dokumentasjon.
- Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar.
Kompetanse
- Interesse for arbeid med mennesker med utviklingshemming.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa, men ikkje eit krav.
- Personlig egnethet vektlegges høyt.
- Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norks skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Ynskjeleg med førarkort kl.B.
Kven er du?
- Du er punktlig og til å stole på.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
- Du er god på å samarbeide med andre.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
- Du er fleksibel og gjør det som trengs.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du spør når det er noe du er usikker på.
- Du har god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
Anna informasjon
- Du som søkjer må helst vere over 18 år.
- Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande mellom veke 26 og 33
- Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Osterøy kommune orgnr: 915242472 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar. Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester. Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag. |
Webside | https://www.osteroy.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | SFO, barne- og fritidsleder |
Sted | LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 20 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |