Job Description

Published 10-11-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Om stillinga:

Ynskjer du ein fleksibel jobb som brukarstyrt personleg assistent (BPA) på dagtid passar denne jobben for deg. Tenestemottakar er ei vaksen dame i rullestol. Me søker stabile personar til faste stillingar som brukarstyrt personleg assistent. Me søkjer òg etter ferie- og tilkallingsvikarar.

  • 100 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent med arbeid på dagtid og kvar 3. helg.
  • 50 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistanse med arbeid ettermiddag/kveld og 3. kvar helg.
  • Tilkallingsvikarar med arbeid dag/kveld/helg

 

Det kan vera mogleg å tilpassa stillingane sin stillingsstorleik etter avtale mellom arbeidstakar og arbeidsleiar.

 

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene er varierte, men omhandlar praktisk- og personleg assistanse både i- og utafor heimen. Dette involverer oppgåver åleine eller saman med tenestemottakar, diverse husarbeid, personlege gjeremål som stell, dusj, av-/påkledning og andre førefallande oppgåver.

 

Kvalifikasjonar:

  • Ingen formell utdanning krevst
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
  • Politiattest må leggast fram ved tilsetting
  • Ønskeleg med førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Påliteleg
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • God på samarbeid og kommunikasjon

 

Me tilbyr:

  • Ein variert kvardag med spennande oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter tariff som assistent

 

Andre opplysningar: 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

 Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.  Intervju vert 22.11.24.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Sone Sogndal orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6851)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/897db665-708f-49d4-b60f-a2354ec71c62
IMPORTAPI