Bruingeniør rehabilitering – Statens vegvesen

Construction Construction Engineer

(22 hours ago)

  • DRAMMEN
  •  Post Date: 14. November 2024
  •  Expire date: 8. December 2024
Job Description

Published 14-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Bruingeniør rehabilitering

Om stillinga

Vi søkjer ein bruingeniør med interesse for å identifisere, planleggje, prosjektere og følgje opp større rehabiliteringsprosjekt på bru. 

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere deltaking og planlegging av spesialinspeksjonar, tilstandsanalysar, og dessutan planlegging og utføring av bruvedlikehaldstiltak på riksvegnettet i Noreg. Det vil også vere høve til å engasjere seg i forskings- og utviklingsprosjekt. 

Aktuelle arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:  

  • planlegging, gjennomføring og rapportering av spesialinspeksjonar av bruer og ferjekaiar.  
  • prosjektering og oppfølging av betongrehabilitering og overflatebehandling av stål
  • delta i FoU prosjekt innanfor fagfeltet

 

Bru er del av fagressursavdelinga på divisjonen. Vi er landsdekkjande med 40 medarbeidarar fordelte på 12 kontorstader. Fagressursane våre bidreg i heile livsløpet til vegen – frå planlegging, prosjektering, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning. 

Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Drammen, Bergen, Trondheim, Narvik eller Sortland. Andre lokasjonar kan diskuteras. Du må oppgi i søknaden kva for  kontorstad du ønskjer. 

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har minst 3 år relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå innan materialteknologi, elektrokjemi eller konstruksjonsteknikk. Det er ønskjeleg med ei masterutdanning (fem års utdanning). Sterk og allsidig praktisk erfaring innan fagområdet kan vege opp for masterutdanning. Vi vil også vurdere søkjarar med relevant etterutdanning eller dei som er i ferd med å avslutte ei mastergrad. Vi ønskjer både nyutdanna og ekspertar med erfaring innan bruvedlikehald, velkommen til å søkje på stillinga. 
 

Du må ha førarkort kl. B og god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk. 

Arbeidsoppgåvene omfattar arbeid i høgda og medfører at du må kunne bevege deg på stillas, klatre i leiderar og generelt vere komfortabel med lift og anna tilkommeutstyr.

Det er ein fordel om du har: 

  • fag eller relevant erfaring knytt til materialteknologi (betong eller stål) eller innan konstruksjonsteknikk knytt til bruer
  • fag eller relevant erfaring innanfor rehabilitering og vedlikehald av bruer, som er knytt til inspeksjonar, tiltaksskildringar og utføringsfase
  • fag eller relevant erfaring innan databehandling og -analyse, spesielt med tanke på vurdering av sensor data frå bestandighetsovervåkning 

 

Det vil bli lagde vekt på at du:

  • er sjølvstendig, fleksibel og har ein praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysinga 
  • har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • er lærevillig, oppteken av kunnskapsdeling og open for nye utfordringar

 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Stein Inge Rasmussen, tlf. 92653795/ stein.inge.rasmussen@vegvesen.no eller sjefingeniør Karla Hornbostel, tlf. 45069884 / karla.hornbostel@vegvesen.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

 

Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted DRAMMEN (Adresse: Doktor hansteinsgate 9 Postnr: 3044)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9c7b147d-b9ea-4665-a65a-be5f3898cf90
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270971