Bruingeniør forvaltning, drift og vedlikehold (FDV) – Statens vegvesen
Construction Arbeidsleder, bygg og anlegg(1 day ago)
Job Description
Published 24-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Bruingeniør forvaltning, drift og vedlikehold (FDV)
Om stillinga
I seksjon Bru søkjer vi Bruingeniør FDV (forvaltning, drift og vedlikehald) som har interesse for teknologi, jobbar sjølvstendig og liker å løyse utfordrande oppgåver innan fagfeltet samferdselses-konstruksjoner.
Arbeidsoppgåver
- fagleg rettleiing og rådgiving innan fagområdet
- planlegging og gjennomføring av inspeksjonar på bruer, ferjekaiar og andre konstruksjonar
- følgje opp konsulent på hovudinspeksjonar og prosjektering av bruvedlikehald i heile Noreg
Det vil også vere søkjelys på følgjande oppgåver:
- ROS – analysar og tilstandsanalysar
- rapportering av inspeksjonsresultat og definere nødvendige vedlikehaldstiltak
- utarbeide kostnadskalkylar, prosjekteringsunderlag og skildringar for vedlikehaldstiltak
- gjennomføre levetidsbetrakninger og vurdering av restlevetid
Bru er del av fagressursavdelinga i divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkjande med 40 medarbeidarar fordelte på 12 kontorstader. Fagressursane våre bidreg i heile livsløpet til vegen – frå planlegging, prosjektering, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning.
Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen. Andre lokasjonar kan diskuteras. Du må oppgi i søknaden kva kontorstad du ønskjer.
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har minimum 3- årig relevant ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule. Stillinga krev kompetanse innan statikk og dimensjonering av stål og betong.
Førarkort kl. B er et krav.
Du må vere god til å formulere deg skriftleg og muntleg på norsk og ha gode digitale ferdigheiter.
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå forvaltning, drift og vedlikehald av samferdselskonstruksjonar og/eller innan prosjektering / rådgiving av betong- og/eller stål-konstruksjonar
- interesse og kunnskap om prosjekteringsverktøy innan modellering og berekningar
- kjennskap til vegnormalar og handbøker
Vi legg vekt på at du:
- er sjølvstendig, fleksibel og praktisk med ei strukturert tilnærming til oppgåveløysing
- har gode samarbeidsevner og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- er lærevillig, open for nye utfordringar og oppteke av å dele kunnskap
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt
Seksjonsleiar Stein Inge Rasmussen, tlf. 926 53 795, eller e- post: stein.inge.rasmussen@vegvesen.no
Kontorsjef Olav Johan Blindheim tlf. 47668326, eller e-post olav.johan.blindheim@vegvesen.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statens vegvesen orgnr: 924692960 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag. Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar. Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi held ved like og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 890 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 15 milliardar kroner. |
Webside | https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arbeidsleder, bygg og anlegg |
Sted | TROMSØ (Adresse: Stakkevollvegen 35-37 Postnr: 9010) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-12-2024 |